Terminologielehre, også kalla terminologivitskap og terminologiforsking, er vitskapen om omgrep og nemningane deira i eit fagspråk.
Eit ofte brukt ord for terminologilære er terminologi, men innafor terminologilæra blir termen «ein terminologi» (noko forvirrande, kanskje) brukt om ei systematisk termsamling.
Erkjenningsobjektet for terminologilæra er danninga av omgrep og omgrepssystem og framstilling av desse omgrepa med hjelp av definisjonar og nemningar. Terminologilæra utarbeider terminologiske grunnomgrep og retningslinjer for terminologiarbeidet og terminografien, eller fagleksikografien og for den systematiske framstillinga og forvaltninga av termar.
Terminologilæra speler ei viktig rolle både i det private næringslivet, det offentlege, utdanningsvesenet og vitskapen. Terminologilæra krev effektivitet og eintydigheit i fagkommunikasjonen.
Omgrepsinnhald er summen av alle kjenneteikna ved eit omgrep. Omfanget av eit omgrep er settet av referansane til omgrepet sjølv og dei omgrepa som er underordna det i ein hierarkisk nomenklatur. Omgrepsomfanget for omgrepet «fartøy» inneheld underomgrepa landfartøy, vassfartøy, luftfartøy og romfartøy. Omgrepsinnhaldet for luftfartøy inneheld kjenneteikn som at dei flyg i jordatmosfæra, til skilnad frå romfartøy, som flyg i rommet. Dei to omgrepa er avhengig av kvarandre slik at omgrepsomfanget blir mindre jo større omgrepsinnhaldet er.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Terminologilære, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.