Taurusfjella (tyrkisk Toros Dağları) er ei fjellkjede sør i Tyrkia, som skil kystregionen ved Middelhavet sør i Tyrkia frå det sentrale Anatoliaplatået.
Systemet strekkjer seg langs ei kurve frå Eğirdirsjøen i vest til dei øvre områda av Eufrat og Tigris i aust. Dei er ein del av Det alpide beltet i Eurasia.
Taurusfjella Toros Dağları | |||
fjellkjede | |||
Demirkazık i provinsen Niğde | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Del av | Alpide belt | ||
Høgd | 3 756 moh. | ||
Taurusfjella 36°59′47″N 33°00′07″E / 36.9964°N 33.0019°E | |||
| |||
Wiki Commons: Taurus Mountains | |||
Fjella har mange toppar over 3 000–3700 moh og kan delast inn i fire mindre fjellkjedar:
Det høgaste punktet i dei sentrale Taurusfjella er Demirkazık på 3756 moh.
Ein funnstad frå bronsealderen syner spor etter tinngruver ved Kestel. Passet som i antikken vart kalla Dei kilikiske portane kryssar fjella nord for Tarsus. Under første verdskrigen vart det bygd eit tysk-tyrkisk jernbanesystem gjennom Taurusfjella, og dette vart eit viktig strategisk mål for dei allierte. Denne regionen vart spesifikt nemnd som eit strategisk kontrollert mål som skulle overgjevast til dei allierte i våpenkvilen som enda fiendskapen mot Det osmanske riket.
I Aladaglar- og Bolkarfjella har kalkstein erodert og danna karstiske landskap med fossar, undergrunnselvar og somme av dei større grottene i Asia. Manavgatelva spring ut frå sørsida av Beydaglarifjella.
I tillegg til turgåing og fjellklatring, er det to vintersportstader i fjella, ein ved Davras kring 25 km frå dei næraste to byane Egirdir og Isparta, og ein ved Saklıkent, 40 km frå byen Antalya.
Vardaviadukten, langs jernbanelinja mellom Konya og Adana ved landsbyen Hacıkırı i provinsen Adana, er ei 98 meter høg jernbanebru som vart bygd i 1910-åra av tyskarane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Taurusfjella, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.