Tanngnjost og Tanngrisne er to geitebukkar i norrøn mytologi som tilhøyrer toreguden Tor.
Når det torna, var det dei som var ute og drog vogna til guden.
«Tanngnjost» kjem av Tanngnjóstr eller Tanngiost, 'den som skjer tenner', medan «Tanngrisner» kjem av Tanngrisnir, den som har glisne tenner'.
Bukkane er kjende frå sogene for at dei kan slaktast og etast, men deretter koma til live igjen når Tor svingar hammaren sin. I ei soge knekkjer guten Tjalve eit bukkebein for å suga ut mergen, sjølv om han ikkje har love. Då Tor merkar at ein av bukkane haltar, tek han Tjalve og systera Roskva med til Åsgard som bot.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tanngnjost og Tanngrisne, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.