Tam Lin

Tam Lin er ein sogefigur frå grenselanda mellom Skottland og England.

Soga er særleg kjend gjennom folkeviser. Ho handlar om Tan Lin som vert redda frå huldrefolket av ei fryktlaus ung kvinne. Sjølv om denne balladen er frå Skottland, finn ein liknande motiv der ein held ein person gjennm ulike omformingar i segner frå heile Europa.

Tam Lin
Notar og tekst til «Tam Lin» frå Scotish Musical Museum, redigert av Robert Burns.
Tam Lin
Illustrasjon til eventyret «Tamlane» av John D. Batten frå More English Fairy Tales.

Soga er blitt omdanna til ulike forteljingar, songar og filmar. Ho har også gjeve namn til ein reel som også er kjend som Glasgow-reelen. Namnet på helten varierer, han blir mellom anna kalla Tamlane, Tamlin, Tomlin, Tam Lien, Tam-a-Line, Tamas Lin og Tam Lane. Det same gjer namnet til heltinna, som til dømes blir kalla Janet, Margaret og May Margery.

Samandrag

Tam Lin 
Carterhaugh, nær området der Yarrow Water og Ettrick Water renn saman

Dei fleste variantane av songen byrjar med ei åtvaring til ungjenter mot å dra til staden der Tam Lin er, fordi han kjem til å ta noko frå dei - gjerne jomfrudommen. Staden det er snakk om blir vanlegvis namngjeven som Carterhaugh.

Ei ung jente, vanlegvis kalla Janet eller Margaret, dreg til Carterhaugh trass åtvaringane og plukker ei dobbel rose. Då dukkar Tam opp og spør ho kvifor ho er i Carterhaugh utan at han har gjeve ho løyve og teke det som er hans. Ho seier at ho eig Carterhaugh, fordi faren hennar har gjeve det til ho.

I dei fleste variantane fer ho så heim og oppdagar at ho er gravid. Somme variantar starta soga frå dette tidspunktet. Når ein gammal riddar seier at han er far til barnet, seier ho at dette ikkje er sant, at faren er ein alv og at ho elskar han. Ho reiser attende til Carterhaugh. I somme variantar har broren fortalt ho at det veks ei urt der som ho skal ete for å ta abort. I alle variantar plukkar ho opp noko, anten det er urta eller dei same rosene som første gongen dei møttest. Tam dukkar opp att, rasande og nektar ho å ta abort.

Ho spør han om han nokon gong var menneske, anten etter at han dukkar opp att, eller i somme variantar like etter det første møtet deira. Han seier at han ein gong var ein dødeleg mann, som etter å ha falle frå hesten sin, vart redda og fanga av alvedronninga. Kvart sjuande år betaler hulderfolket ein tiande til helvete, av ein av deira folk, og Tam fryktar at han skal verte ofra den neste kvelden (halloween). Han skal ride som del av eit riddarkompani, og Janet kan kjenna han att på den kvite hesten han kjem ridande på. Han åtvarar ho om at når ho fangar han, så vil alvane gjere han om til all slags udyr for at ho skal forlate han, men han vil ikkje skade ho, og når han til slutt er gjort om til brennande kol, så skal ho kaste han i brunnen. Då vil han dukke opp att som ein naken mann som ho så skal gøyme. Janet gjer som ho får beskjed om, og vinn Tam Lin. Alvedronninga er ikkje nøgd, men godtar kravet hennar.

I forskjellige versjonar er Tam Lin visstnok barnebarnet til Laird of Roxburgh, Laird of Foulis, jarlen av Forbes eller jarlen av Murray. Namnet hans varierer òg i forskjellige versjonar (Tam Lin er den vanlegaste) som Tom Line, Tomlin, Young Tambling, og Tam-a-line.

Versjonar

Det er fleire tolkingar av Tam Lin-soga. Den første dokumenterte versjonen av songen finst i boka The Complaynt of Scotland frå 1549. Francis James Child samla inn fjorten variantar i The English and Scottish Popular Ballads, I moderne tid er soga blitt attfortald i ei rekkje prosaverk, kanskje på grunn av den sterk kvinnelege hovudperosnen. Songen er også blitt spelt inn ei rekkje gonger.

Prosa

  • Tam Lin av Coyote Run
  • Blood and Iron av Elizabeth Bear
  • "My Kingdom" av Hannah Wolf Bowen, Abyss & Apex, 2004
  • Tam Lin av Susan Cooper
  • The Armourer's House av Rosemary Sutcliff inneheld Tam Lin-soga
  • The Nightwood av Robin Muller
  • The Hawthorn Tree av Patrick Little (kjønnsrollevariasjon)
  • An Earthly Knight av Janet McNaughton
  • The Dogs of Babel av Carolyn Parkhurst
  • The Perilous Gard av Elizabeth Marie Pope
  • Summer's Lease av Eluki bes Shahar (Rosemary Edghill)
  • «Cotillion» av Delia Sherman, i Firebirds, redigert av Sharyn November
  • «Tam Lin» i den grafiske romanserien Ballads and Sagas redigert av Charles Vess
  • Tam Lin: An Old Ballad av Jane Yolen, illustrert av Charles Mikolaycak
  • Burd Janet av Jane Yolen, i Not One Damsel in Distress
  • Winter Rose av Patricia McKillip
  • Gnat Stokes and the Foggy Bottom Swamp Queen av Sally Keehn
  • «He Said, Sidhe Said» av Tanya Huff, i Finding Magic
  • Nattens demon av Margit Sandemo
  • The Queen of Spells av Dahlov Ipcar
  • «Shapes» av K. Elizabeth Cornwell, i Fickle Muses
    Barnebøker
  • Tam Lin av Pamela Dean
  • Red Shift av Alan Garner
  • Fire and Hemlock av Diana Wynne Jones
  • Wild Robin skriven og illustrert av Susan Jeffers

Teater

  • Tam Lin av N. G. McClernan
  • The Thyme of the Season av Duncan Pflaster (inneheld delar av soga)

Musikk

  • Tamlin (Тамлин) - folkrockband frå Ukraina

Songar

Følgjande artistar har spelt inn versjonar, alle kalla «Tam Lin» med mindre anna står nemnt

  • Frankie Armstrong på I Heard a Woman Synging, og ein lengre versjon på samlealbumet Ballads (Fellside Records).
  • «Young Tambling» av Anne Briggs på The Time Has Come LP
  • Broadside Elektrisk på Amplificata
  • Current 93 på singelen Tamlin og samleplata SixSixSix: SickSickSick.
  • Arcturus av Enter the Haggis på Aerials (2001)
  • Fairport ConventionLiege & Lief, Sense of Occasion og Across the Decades (live)
  • «Tamlin» av harpespelaren og songaren Gillian Grassie på Serpentine (2007)
  • «Tam Lyn Retold» av The Imagined Village (Benjamin Zephaniah, Eliza Carthy, et al.), 2007
  • Bob Hay & Jolly Beggars på Tam Lin and More Songs by Robert Burns
  • The Tale of Tam Lin av Bill Jones på Panchpuran
  • Mediæval Bæbes på Mirabilis
  • Outgrabe på Love & Death
  • Pyewackett på The Man in the Moon Drinks Claret
  • Steeleye SpanTonight's the Night, Live!
  • «Tamlin» av det ukrainske bandet Tamlin (Тамлин) på Dreams on the Shore (2005 - Сны на Берегу) og i nytt arrangement på On The Winter's Threshold (2008 - На Пороге Зимы)
  • Tempest på Serrated Edge (1992)
  • Tricky Pixie på Mythcreants (2009)
  • «Tam Lyn» av The Watersons på For Pence and Spicy Ale

Film

  • Tam-Lin (1970) regissert av Roddy McDowall med Ava Gardner.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tam Lin 

Teksten til Tam Lin i Child's Collected Ballads by Francis James Child ved Wikisource.

Tam Lin 

Teksten til Tamlane i More English Fairy Tales ved Wikisource.

Tags:

Tam Lin SamandragTam Lin VersjonarTam Lin KjelderTam Lin BakgrunnsstoffTam LinHuldrefolkSkottland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BerlinmurenVersaillestraktatenRagnar LodbrokMS «Venus» (1931)Eirin FaldetJonas Gahr StøreEuropaCaesareaMMAlbert EinsteinHTMLRomanian born french cryptologistVåren av Aasmund Olavsson VinjeLokeTrettiårskrigenBreiflabbHenri av LuxembourgEiffeltårnetEdderkoppar i kulturenLemmingHyse19. aprilLinda EideEngelskTraktorKvadratkilometerJernÅrstidErik AndersenAsker TurlagRegnskogen i AmazonasRegjeringKormístaLatinSikhismenAstrid LindgrenDei fem K-ane i sikhismenNew York byTidslinje over norsk historieFin GnattHallingdansØrnIvan KramskojSwire SeabedAztekararOperasjon BarbarossaSør-AfrikaSpesifikk varmekapasitetBlåOddvar TorsheimFriksjonVolda kommuneEuropeisk geografiSvartspettAlexander KiellandDen fyrste verdskrigenOslo rådhusDen amerikanske grunnlovenRomanen BeatlesSylfestSang til BergenJærenKelly ClarksonEtasjeMauritaniaNasjonaldraktAnna MolbergHeinoPer HenriksenÅrHindutempelProfil-opprøretBjørnstjerne Bjørnson🡆 More