Sælør (òg kalla Sæløer, Sæløyene eller Seli) er ei lita øygruppe rett sør for Korshamn i innseglinga til Grønsfjorden i Lyngdal kommune i Agder.
Sælør består av øyane vestre Sælør og austre Sælør, som i 1966 vart knytt saman av ein molo og som til saman er om lag 580 dekar stor.
Sælør er kanskje mest kjend for kongebesøka sine. Olav den heilage overvintra her i 1028, og Magnus den gode skal ha vitja øya i 1047 . Det er funne restar av noko ein meiner kan vere ei kyrkje bygd av Olav den heilage under overvintringa..
Det er òg funne fleire gamle vrak rundt Sælør, nokre datert så langt tilbake som til 1300-talet, noko som har ført til dykkeforbod rundt øyane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sælør, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.