Dei Synoptiske Evangelia

Dei synoptiske evangelia i Det nye testamentet er evangelia etter Matteus, Markus og Lukas.

Desse tre evangelia har ei felles ramme om framstillinga av Jesu liv og virke. Dei startar med ein omtale av Johannes døyparen, sidan fortel dei om Jesu forkynning og virke i og omkring Galilea, og til sist fortel dei om inntoget i Jerusalem og Jesu liding, død og oppstode.

Dei Synoptiske Evangelia
Jesus stiller stormen på Genesaretsjøen. Denne forteljinga finst i alle dei tre synoptiske evangelia, men ikkje Johannes-evangeliet.

Evangelia har òg mykje fellesstoff: Vi kan finne att nesten heile innhaldet i Markus-evangeliet i evangelia etter Matteus og Lukas. Dessutan har både Matteus og Lukas mykje stoff felles som ikkje er å finne att i hos Markus.

Det er òg skilnader mellom dei synoptiske evangelia: Markus-evangeliet er stuttare enn dei andre. Hos Lukas er nær halvparten og hos Matteus er om lag tredjeparten særstoff dei er aleine om. Framstillinga kan elles variere mellom evangelistane.

For å få fram skilnader og fellestrekk kan dei tre evangelia setjast opp i spalter ved sidan av kvarandre i ein synopse av gresk synopsis = samsyn. Tilsvarande kallast dei tre evangelistane synoptikarane.

Evangelie-synopse

Ei synoptisk framstilling av likninga om saltet vil sjå slik ut:

    Matt 5,13


    De er saltet på jorda!
    Men misser saltet si kraft,
    kan det då verta til salt att?
    Det duger ikkje lenger til noko:
    folk kastar det ut og trakkar det ned.
    Mark 9,49-50
    For kvar og ein skal saltast med eld.
    Salt er ein god ting.
    Men misser saltet si kraft,
    kan det då verta til salt att?



    Ha salt i dykk sjølve, og hald fred med kvarandre!
    Luk 14,34-35


    Salt er ein god ting.
    Men misser saltet si kraft,
    kan det då verta til salt att?
    Det duger korkje i mold eller møk;
    dei kastar det ut.
    Den som har øyro å høyra med, han høyre!

Kjelder

  • Det norske Bibelselskap, 1993 (1998): Evanglie-synopse
  • Det norske Bibelselskap, Bibelen, omsetjing 1978

Tags:

Det nye testamentetEvangeliet etter LukasEvangeliet etter MarkusEvangeliet etter MatteusGalileaJerusalemJesus KristusJohannes døyparen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

2024Sim sala bimHavørnKelvinDeltaSvenska flaggans dagWiki CommonsFrans av AssisiPierre CochereauKind of BlueAsker kommuneTommeSluddLangeKon-Tiki-ekspedisjonenJHVHKvadratmeterTrettiårskrigenCowboy-LailaArne DokkenRagnhild HagaElvar i RomaniaTemperaturKrøllalfaValgerd Svarstad HauglandSigmaHundVerdsvevenRosaJærenPeruMyrullLinn UllmannVoss heradÞingvellirPetter WavoldWaitangitraktatenKvadratkilometerAustraliaChristianiaSusanne SundførBrideshead RevisitedSkulderbladIndiaMachu PicchuProfil-opprøretStillehavetHedmark fylkeInnlandMusvåkPožega-SlavoniaJordskorpeplateVerdipapirAlf-Inge HålandBjørkefinkAsker TurlagWayback MachineKnut Marius DjupvikDen norske språkstridenItaliaFrankrikeDet russiske alfabetetDaniela SilivașAnne HoltBlåmannKari ØklandRSS«Tirpitz» i ÅsenfjordenVolda kommunePersiskTidsskriftet ForbesJa, vi elsker dette landetAksla🡆 More