59°52′26.360″N 10°48′40.381″E / 59.87398889°N 10.81121694°E / 59.87398889; 10.81121694
Symra kino er ein kino på Lambertseter i Oslo. Kinoen tilhøyrer Oslo Kino, og er deira einaste kino utanfor Oslo sentrum.
Kinoen ligg i Cecilie Thoresens vei 23 på Lambertseter. Han opna i 1965 som den første norske drabantbykinoen. Bygget var teikna av arkitektane Frode Rinnan og Olav Tveten. Namnet blei gjeve etter ein namnekonkurranse.
Opphavleg hadde kinoen éin sal med 432 sitjeplassar. I 2002 bestemte Oslo kommune seg for å selja kinoen, og i 2003 blei han stengd. Kommunen selde aksjane sine til Obos forretningsbygg i 2005. Kinoen opna att i 2006, før han var stengd frå 1. januar 2008 til 12. oktober 2010 for ombygging. I denne perioden blei han bygd om til to salar med høvesvis 207 og 93 sitjeplassar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Symra kino, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.