Sverresborg er eit festningsområde i Bergen.
Namnet skriv seg attende til kong Sverre Sigurdsson, som i 1181 fekk reist ei borg på knausen aust for kongsgarden på Holmen (no Bergenhus festning). Borga overlevde fleire åtak på 1200-talet, og husa kongens sysselmann i andre halvdel av 1200-talet.
Midt på 1600-talet vart Sverresborg bygd ut med vollar og skanseverk, og det vart bygd to batteri der. Borga var med i kampane i Bergen i 1665. På 1830-talet vart det laga park på området. Kasernen på Sverresborg vart bygd i 1911 for underoffiserskulen til Bergen Brigade. Under krigen hadde tyskarane to luftvernbatteri på Sverresborg.
Etter krigen vart Sverresborg nytta som rettarstad i samband med landssvikoppgjeret.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sverresborg i Bergen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.