Super Mario Galaxy: Dataspel frå 2007

Super Mario Galaxy er eit 3D-plattformspel utvikla av Nintendo EAD Tokyo og publisert av Nintendo på Wii.

Det vart gjeve ut globalt gjennom november 2007, og er det tredje 3D-plattformspelet i Mario-serien, etter Super Mario 64 og Super Mario Sunshine. Spelet handlar om Mario som reiser gjennom verdsrommet for å redde prinsesse Peach frå Bowser. Nivåa er galaksar som er fylte med småe og store planetar, der gravitasjonen deira påverkar korleis ein kan manøvrera Mario.

Super Mario Galaxy
Super Mario Galaxy: Dataspel frå 2007
Utviklar(ar)Nintendo EAD Tokyo
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Yoshiaki Koizumi
Produsent(ar)Shigeru Miyamoto
Design(ar)Yoshiaki Koizumi,
Takao Shimizu (designarar)
Mahito Yokota,
Kōji Kondō (komponistar)
Komponist(ar)Koji Kondo, Mahito Yokota
SerieSuper Mario
Plattform(er)Wii, Wii U
UtgjevingJP: 1. november 2007
NA: 12. november 2007
EU: 16. november 2007
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar,
samverkande fleirspelar
AldersgrensePEGI: 3+
CERO: A
ESRB: E
OFLC: G
Medium1 Optisk Wii-plate
Stødde einingarWii-fjernkontroll, nunchuk
Nettstadhttp://www.nintendo.co.jp/wii/rmgj/
Del av serien Super Mario, Super Mario Galaxy⠀
New Super Mario Bros. · New Super Mario Bros. Wii, Super Mario Galaxy 2

Ein oppfølgjar til spelet, Super Mario Galaxy 2, kom ut i 2010.

Handling

Spelet opnar med at Mario vert invitert av prinsesse Peach til den hundreårlege «stjernestøvfestivalen» (en: Stardust Festival) for å høgtida kometen som fer over himmelkvelven. Under feiringa trengjer Bowser seg brått inn i Sopperiket med ein flåte luftskip og spolerer festivalen. Han påkallar ein svær flygande tallerk som ryskjer heile slottet til Peach frå bakken og løftar det ut i verdsrommet. Etter at Mario gjer eit feilslått forsøk på å ta seg av problema, vert han slått vekk av ein av lakeiane til Bowser og endar opp på ein liten planet. På denne planeten møter han på ei gåtefull dame (en: Rosalina) og stjernekompisane hennar (en: Luma). Rosalina viser seg å vera ein «stjernevaktar» som nyttar eit flyttbart observatorium for å reisa rundt i universet. Diverre fungerer ikkje obervatoriet som det skal sidan Bowser har stole alle kraftstjernene (en: Power Stars) som driv dette. Mario må så utforska fleire hjørne av universet for å sanka inn dei stolne stjernene, for å til slutt kunna reisa til sjølve sentrum av universet der Bowser held til.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

BowserMarioNintendoNintendo Entertainment Analysis and DevelopmentPlattformspelPrinsesse PeachSuper Mario 64Super Mario SunshineWii

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Muhammadu BuhariRusslandNiaugoPeter F. WolfJean-Claude JunckerProduksjonAugeepletGrønlandBunadBZFlagMartha SkrettebergThe DoorsEli Kari GjengedalDet polske flaggetSionistAnne HoltSteve PorcaroTallerkenErik Andersen633KamferAusterrikeDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenDompapHTMLHundC++JantelovenDet angolanske kvinnelandslaget i handballKvitveisIngrid FiskaaIrritasjonGrunnstoffet tinnKyprosErnst JosephsonOrganistPhil MillerSamisk språkhistorieEirik SalstenPodsolPaparoa nasjonalparkMonacoGrodagenKattI Dovregubbens hallNynorskArabiskMiljøproblemSkandinaviaWikiGoMP3BuddhisttempelPolitiet i NoregTuonelaNettrollJon FosseDeltaAnna Maria EhrenstrahlSagaen om IsfolketSamvirkelagMatematikar24. aprilHelena BrodtkorbIvar AasenMesonThesprotíaKolonialhandelAndreas RombergFlammepunktRonja RøverdatterFylkesveg 751Astrid LindgrenFollo FotballklubbHalsnøyEtnisk nasjonalisme🡆 More