Studentmållaget i Nidaros (SmiN) er eit studentmållag i Norsk Målungdom, som vart skipa allereie i 1916.
SmiN dekker Sør-Trøndelag og delar av Nordmøre, men har hovudfokuset hjå studentar i Trondheim. Leiar er Marte Søreng frå Håvik.
Studentmållaget i Nidaros | |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 988510580 | ||
Skipa | 1916 | ||
Hovudkontor | Trondheim | ||
Leiar | Marte Søreng (2017–) | ||
Nettstad | smin.no |
Laget skipar norskkurs, og har særleg arbeidd med nynorsk terminologi innanfor ulike fagområde på NTNU. Dei står bak ei medieordliste, ei organisasjonsordliste, ei realfagsordliste og ei musikkvitskapsordliste. Studentmållaget i Nidaros har aktivitet gjennom heile året, sett vekk i frå felles sumar- og juleferie.
Den kjende skribenten Kristin Fridtun har også vore leiar for Studentmållaget i Nidaros då ho tok utdanninga si hjå NTNU.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Studentmållaget i Nidaros, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.