Strikkelise, strikkedokke eller strikkesopp er eit enkelt strikkeverktøy laga av eit røyr med bøylar eller pinnar stikkande opp rundt ein ende.
Røyret kan vera dekorert, til dømes til å likna eit menneske eller ein sopp.
Ein bruker ei strikkelise ved å vikla tråd rundt kvar av dei oppstikkande pinnane til maskar. Ein fører den korte trådenden gjennom holrommet og kan dra i han for å få arbeidet ut.
Den lause tråden blir ført framfor kvar pinne og masken vippa over han, gjerne med ei sy- eller heklenål. Dette skapar nye maskar, og vil etterkvart laga ei strikka produkt på innsida av reiskapen. Om ein fører tråden rundt og rundt vil ein strikka ei hylse eller rund remse av garn. Om ein vender strikkeretninga i staden for å gå rundt er det også mogleg å strikka ei flat remse.
Strimmelen ein strikkar kan brukast til ulike føremål som dekorasjon eller bli del av eit anna handarbeidsprosjekt.
Ein kan laga stikkeliser sjølv av eit stykke tre med eit bora hol i midten og spikrar eller stifter som pinnar. Det er mogleg å ha så lite som to pinnar på ei strikkelise, men det er vanlegare med fire-fem.
Ein liknande reiskap forma som ein flatare ring og med fleire pinnar blir kalla strikkering. Mange strikkemaskinar følgjer same prinsippet som ei strikkelise eller ein strikkeing.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Strikkelise, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.