Strandpysjamas er fritidsklede for kvinner som blei lansert i 1920-åra.
Eit slikt antrekk består av lause padjamainspirerte bukser med ein jakke til. Under kunne ein ha badedrakt, solliv eller ermelaus bluse. Som namnet viser til, var dette typiske strandklede. Antrekket var eit av dei første i vestleg drakttradisjon der det blei akseptert at kvinner gjekk i langbukser.
Det var moteskaparen Coco Chanel som introduserte vide bukser for kvinner på 1920-talet. Strandpysjamas blei først teken i bruk på Rivieraen rundt 1927, og blei utbreidd i løpet av 1930-talet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Strandpysjamas, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.