Strålefinnefiskar (Actinopterygii) er ei klasse beinfisk.
Strålefinnefiskar | |
Probarbus jullieni | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Strålefinnefiskar Actinopterygii Klein, 1885 |
Gruppa vert kjenneteikna av at finnane deira består av hud strekt mellom bein- eller hornpiggar (finnestrålar), i motsetnad til dei kjøtfulle finnane til kvastfinnefiskane Sarcopterygii. Til skilnad frå bruskfisk kan strålefinnefisk røra på finnane sine med musklar dei har med finnerøtene.
Strålefinnefisken vert tradisjonelt oppdelt i to underklassar: Chondrostei, som består av stør og spadestør, og Neopterygii, som omfattar dei fleste beinfisk me kjenner i dag.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Strålefinnefiskar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.