Storebæltsambandet er eit veg- og jarnbanesamband mellom dei danske øyane Fyn i vest og Sjælland i aust, via Sprogø omtrent midtvegs.
Mellom Fyn og Sprogø er det ei kombinert veg- og jarnbanebru. I aust går vegen over høgbrua Storebæltbrua og jarnbanen går i tunnel. Sambandet er i alt ca. 18 km.
Sjælland vart skjenefast med Europa den 11. september 1995 da arbeidarane festa saman jarnbaneskjenene frå Fyn og Sjælland i tunnelen under Storebælt. Høgbrua vart først ferdig nokre år seinare, sidan det var politisk bestemt å prioritere jarnbanetilknytinga først.
Prosjektet vart vedteke av Folketinget i 1986. Det hadde vore diskutert eller under arbeid i mesta 100 år før det stod ferdig og vart opna i juni 1998. Samtidig vart det oppretta eit statleg selskap kalla A/S Storebæltsforbindelsen, som fekk til oppgåve å ta seg av prosjektering, bygging og drift av sambandet. Selskapet er eigd av det statseigde Sund og Bælt Holding A/S, som òg eig A/S Øresund, som saman med det svenske statseigde selskapet SVEDAB AB står for Øresundssambandet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Storebæltsambandet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.