Stiklingar (Gasterosteidae) eller stingsild er ein familie små beinfisk.
Stiklingar | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Underklasse: | Neopterygii |
Infraklasse: | Ekte beinfiskar Teleostei |
Orden: | Piggfinnefiskar Perciformes |
Underorden: | Cottoidei |
Infraorden: | Gasterosteales |
Familie: | Stiklingar Gasterosteidae Bonaparte, 1832 |
FishBase reknar for tida med at han består av 16 artar fordelt på 5 slekter. Fleire av artane har likevel eit stort tal på underartar, og det er brei semje om at systematikken deira treng ei oppdatering.
Stingsild er små fisk med avlange kroppar. Dei fleste er blanke i fargen og har eit hissig lynne. Mange av artane har beinplater på sidene; alle har eit sett (3-16) godt utvikla piggar framfor ryggfinna.
I Noreg førekjem tre artar: Trepigga stingsild, nipigga stingsild og tangstikling.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Stiklingar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.