Stille

Stille er eit fullstendig eller relativt fråvære av lyd eller rørsle.

Omgrepet vert ofte brukt for å skildra det motsette av bråk. Stille kan òg brukast i samband med manglande rørsler i luft eller vatn, som i «vindstille» eller «å ro ut på stilla». Som adjektiv kan stille vise til alle typar fråvære av lyd eller rørsler.

Stille
Stille måla som ein figur som held fingeren framfor munnen i ei kyrkje i Napoli.

Stille og symbol

Stille 
Eit minutts stille før ein fotballkamp mellom Fulham F.C. og Newcastle United for å minnast fotballspelaren Jim Langley.
Foto: Patrick Telford

Symbol for det å vera stille kan vera at ein held ein eller to fingrar loddrett framfor munnen, eller at ein dreg dei vassrett over som om ein lukker han. Ein kan også symbolisera tvungen stille gjennom ein knebel eller ei hand halden framfor munnen.

Det er òg vanleg å bruka stiller for å markera sorg eller medkjensle etter dramatiske dødsfall, til dømes rundt offer for ulukker eller krigar. Dette kan vera ei stor markering som skjer i eit heilt eller fleire land, til dømes på minnedagen om den første verdskrigen, eller det kan vera ei lokal markering frå ei einsleg gruppe.

Stille i samfunnet

Stille 
Stillevogna på eit britisk tog forbyr bruk av mobiltelefonar.

Stille vert sett opp som ein motsats til bråk, og er i moderne tenking ofte rekna som noko positivt, som i uttrykket «fred og ro». Ein seier mellom anna at stader med lite menneske og maskinar er stille, fordi lydane som finst der ikkje trengjer seg på.

Stille mellom menneske kan bli oppfatta på ulike måtar. Å vera taus kan bety at ein ikkje fer med sladder eller spreier informasjon til fienden i krigstid. Men ein som er stum kan også oppfattast som uvennleg, fråverande eller dum. Å vera stille om ei sak kan tyda at ein ønskjer å forteie han, og protestar kan ofte gå ut på at ein ikkje lenger vil vera stille.

Tysne når fleire menneske er samla kan i mange høve oppfattast som rart eller pinleg, men kan også vera del av ein veremåte eller eit rituale der det er meininga at ein skal vera stille ei viss stund. Innan fleire religiøse retningar bruker ein stille for å nærma seg det guddommelege, til dømes i austleg meditasjon, innan klostervesen og i kvekarsamlingar.

Stille innan kunst

Kunst handlar ofte om å uttrykka seg gjennom utsegner, former eller lyd. Innan musikk er likevel pausen mellom framføringar og noter svært viktige for uttrykket.

Det eksperimentelle verket 4'33" frå 1952 av komponisten John Cage er kjend for sine 4 minutt og 33 sekund der musikarane ikkje lager lyd. Likevel er det ikkje heilt stille under framføringar, ettersom ein stadig høyrer lydar frå publikum og utsida av konsertsalen.

Stille i meteorologien

Vindstille vil seia at ingen vind bles — røyk stig rett opp og vatn er spegelblankt. Dette fenomenet har namnet stille og talverdien 0 på beaufortskalaen.

Bakgrunnsstoff

Stille  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Stille

Tags:

Stille og symbolStille i samfunnetStille innan kunstStille i meteorologienStille BakgrunnsstoffStilleBråkLydRørsle

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

PlantarMargrethe II av DanmarkJournalistMexicoRundeWayback MachineKnut HamsunCyanPersiskGail ZappaBjørnVælerenBritiske monarkarOttomanOppland fylkeFugløyaGrønlandIngvild KjerkolKvit skogfrueCarl LarssonVårsandbieHakkaDonald TrumpTutgrammofonHadesCarl Fredrik HillLars Saabye ChristensenKvartalMicrosoftTaylor SwiftSunnhordlandsdialektUrfolkKöppen si klimaklassifiseringTsjadEuropameisterskapen på skeiser 1958HellasUN-nummerProvinsen UtrechtVulkanAfrikaStorbritanniaAtombombene over Hiroshima og NagasakiRaudehavetNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Dale i SunnfjordTower of PowerWario Land 3HelioseismologiBergenSkogfinnarSosiale mediumEngelskHar SedomMinar-e-PakistanMetanKristendommenSognefjordenAn-MagrittAfrikansk matCalisotaDampmaskinFôrSibirMoesgård MuseumMichael JacksonJordanLangemannAli Baba og dei førti røvaraneVendlandDet indiske kastesystemetByar i HellasStillehavetMorfinKnut Jørgen Røed Ødegaard🡆 More