Røysterett For Kvinner

Røysterett for kvinner var ei av dei første store kampsakene for kvinnerørsla.

Røysterett For Kvinner
Kvinne som røystar i Polen.
Røysterett For Kvinner
Demonstrasjon for kvinneleg røysterett i New York i 1912
Røysterett For Kvinner
Berre menn røysta ved dette valet i New York i 1900.

Historie

Det oppstod mot slutten av det 1800-talet rørsler i fleire land som kjempa for at kvinner skulle få same røysterett som menn. Målet deira var først og fremst å få slutt på diskriminering av kvinner i høve til menn, ikkje nødvendigvis å innføre allmenn røysterett ved å fjerne diskriminering basert på økonomiske, religiøse eller rasemessige forhold.

Stemmeretten vart utvida til å gjelde kvinner på ulike tider i ulike land, og i mange tilfelle vart han også trekt attende etter nokre år. Det var også vanleg at kvinner hadde strengare vilkår for å få røysterett enn menn, for eksempel ved at berre gifte kvinner fekk retten.

Den første staden som innførte kvinneleg røysterett var New Jersey. Der vart det innført i 1776, men trekt attende i 1807. Pitcairnøyane var neste stad, i 1838. Deretter kom Sør-Australia i 1861, og så kom forskjellige territorier i USA.

Det første landet som innførte kvinneleg røysterett utan atterhald var New Zealand, rett før valet i 1893. Dette omfatta likevel berre røysteretten; det gjekk enda nokre år før kvinner kunne stille til val. Sør-Australia var den første staden som tillét kvinner å stille til val til parlamentet, i 1894, 33 år etter at kvinneleg røysterett vart innført.

Det første europeiske landet som innførte kvinneleg røysterett var Finland, som innførte allmenn røysterett og rett til å stille til val i 1906. Landet fekk i 1907 verdas første kvinnelege medlemmer av ei nasjonalforsamling, da 19 kvinner vart vald inn i riksdagen. Danmark innførte kvinneleg røysterett i lokalval i 1908 og i nasjonale val i 1915, mens Noreg innførte det for alle val i 1913.

Under første verdskrigen endra haldninga til kvinners evner og moglegheiter seg i fleire vestlege land, fordi kvinner vart sett inn i tradisjonelle mannsyrke for å fylle opp plassane til dei som var sende til fronten. I 1918 innførte Storbritannia røysterett etter nesten same vilkåra som for menn (fulle rettar vart gitt i 1928), mens kvinner i Tyskland fekk same rett som mennene. I 1920 vart kvinneleg røysterett innført i USA, og deretter fylgde dei fleste vestlege landa fram mot andre verdskrigen. Eit unntak var Frankrike, som først kom etter i 1945, samtidig som Japan.

Dei siste vestlege landa der kvinner fekk røysterett var Sveits (1971) og Liechtenstein (1984). Det er framleis nokre få land som ikkje har kvinneleg røysterett, dei fleste av dei med basis i visse tolkingar av Koranen. Bhutan skil ikkje mellom kvinner og menn, men i og med at landet har eit prinsipp om éi røyst per eigedom fører dette til at mange kvinner i røynda ikkje har røysterett.

År Land
1893 New Zealand
1902 Australia
1906 Finland
1913 Noreg
1915 Danmark, Island
1917 Sovjetunionen
1918 Austerrike, Tyskland
1919 Tsjekkoslovakia, Luxembourg, Nederland, Polen
1920 Canada, USA
1921 Sverige
1922 Irland
1927 Uruguay
1928 Storbritannia
1929 Ecuador
1930 Sør-Afrika (kvite)
1931 Spania, Sri Lanka
1932 Brasil, Thailand
1934 Cuba, Tyrkia
1935 Burma
1938 Bulgaria, Filippinene
1942 Den dominikanske republikken
1944 Frankrike
1945 Guatemala, Ungarn, Indonesia, Japan, Panama, Trinidad og Tobago
1946 Benin, Italia, Liberia, Romania, Jugoslavia
1947 Argentina, Malta, Togo, Venezuela, Vietnam
1948 Belgia, Israel, Nord- og Sør-Korea
1949 Chile, Costa Rica, India, Syria
1950 Barbados, El Salvador
1951 Nepal
1952 Bolivia, Hellas
1953 Kina, Jamaica, Mexico
1954 Columbia
1955 Etiopia, Ghana, Nicaragua, Peru
1956 Kamerun, Den sentralafrikanske republikken, Tsjad, Kongo, Egypt, Gabon, Guinea, Elfenbeinskysten, Laos, Madagaskar, Mali, Mauritania, Niger, Pakistan, Senegal, Sudan, Tunis, Burkina Faso
1957 Haiti, Honduras, Libanon, Malaysia
1958 Albania, Algerie, Irak, Somalia
1959 Kypros, Mauritius, Marokko
1960 Nigeria, Zaire
1961 Burundi, Gambia, Paraguay, Rwanda, Sierra Leone, Tanzania
1962 Uganda
1963 Iran, Kenya, Libya
1964 Afghanistan, Malawi, Zambia
1965 Botswana, Singapore
1966 Guyana, Lesotho
1967 Sør-Yemen
1968 Sør-Jemen
1969 Swaziland
1970 Fiji
1971 Sveits
1972 Bangladesh
1974 Jordan
1976 Portugal
1984 Liechtenstein
2005 Kuwait

Land utan kvinneleg røysterett per 2006

Landa som ikkje har røysterett, eller ulike reglar for kvinner og menn, er:

  • Brunei – ingen kvinneleg røysterett
  • Dei sameinte arabiske emirata – ingen kvinneleg røysterett
  • Libanon – kvinner må ha utdanning for å røyste, menn treng ikkje dette. Det er obligatorisk for menn å røyste og valfritt for kvinner.
  • Saudi-Arabia – ingen kvinneleg røysterett

Nett innført:

  • Kuwait er det siste landet så langt som innførte kvinneleg røysterett, i 2005.

Tags:

Kvinnerørsla

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

JonsokVerdscupen i skiskyting 20242012-fenomenetTonsillMS «Queen Elizabeth 2»Byar i HellasHeilage NikolasDet norske alfabetetAstmaBlåmannGrunnstoffliste etter namnUnileverKapp VerdeHiroki ArataniVictoria av StorbritanniaDen europeiske unionenStyresettKrageflagellatAktiv galaksekjerne24. marsCarl Philip av SverigeMelhus kommuneAlfred HitchcockVM i skiskyting 2021Linn UllmannDet engelske herrelandslaget i fotballAgnetha FältskogSax-a-boomSogndal kommuneMaya AngelouLübeckEinar TambarskjelveDusjanbePotemkins kulisserHarold BloomKjersti Herland JohnsenAlderspensjon1922TrepunktsopphengSnømyrkreNintendo 3DSValhallA Whiter Shade of PalePyramidekabalAsteroidemåneRøyskattTrikktrakkLundefuglArne BrimiO helga nattTidlegare kommunevåpen i NoregRundeHurtigrutaNamnedagWashington, D.C.Lindisfarne klosterHydrometerMånenPåskekrimGabrielGro Harlem BrundtlandBuddhismenNangijala1960Royal NavySpotifyAarne-Thompson-systemetTyrkiaBoris JohnsonGodzilla27-årsklubbenAppelsinÄlvdalenBoksing🡆 More