Statsdumaen, vanleg forkorting Gosduma (Госдума) er den lovgjevande forsamlinga i Russland, og «underhus» eller «andrekammer» i det russiske parlamentet.
Den russiske grunnlova frå 1993 slo fast at statsdumaen skulle bestå av 450 representantar som vart valde for ein periode på fire år. I 2008 vart dette endra til fem år. Halvparten skulle veljast gjennom tilhøvetalval, dei andre ved enkelt fleirtal i enkeltmannskretsar. Frå 2007-valet er enkeltmannskretsane sløyfa, og alle representantane vert valt gjennom tilhøvetalval frå parti med minst 7 prosent oppslutning.
Statsdumaen Государственная дума Gosudarstvennaja duma | |||
| |||
Type | |||
---|---|---|---|
Type | Underhus i Russlands føderale forsamling | ||
Leiarskap | |||
Vjatsjeslav Volodin, Sameint Russland | |||
Struktur | |||
Representantar | 450 | ||
██ Sameint Russland (238) ██ Kommunistpartiet (92) ██ Rettferdig Russland (64) ██ Liberaldemokratane (56) | |||
Val | |||
Føre val | 18. september 2016 | ||
Neste val | September 2021 | ||
Nettstad | |||
http://www.duma.gov.ru/ |
Russiske statsborgarar over 21 år er valgbare til statsdumaen. Det vart gjennomført dumaval i 1993, 1995, 1999, 2003, 2007, 2011 og 2016.
Statsdumabygningen ligg i sentrum av Moskva, like ved Manezjnaja-plassen. Den noverande forma av dumaen vart skapt i 1993 etter innføringa av ei ny grunnlov under Boris Jeltsin som vart stadfesta ved ei folkerøysting.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Statsdumaen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.