Statsbudsjettet er namnet på den samla oppstillinga over staten sine utgifter og inntekter komande år.
I Noreg legg regjeringa kvar haust fram for Stortinget eit framlegg til statsbudsjett. Dette er alltid Stortingsproposisjon nummer ein (St.prp. nr 1). I samband med statsbudsjettet legg regjeringa også fram Nasjonalbudsjettet og framlegg til skatte- og avgift- og tollreglar for komande år. Det er Stortinget som vedtek statsbudsjettet.
I 2008 har det norske statsbudsjettet ei inntekt på 1036 milliardar kroner. 328 milliardar er inntekter frå petroleumsverksemda, 650 milliardar kjem frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg.
Statsbudsjettet har eit overskott på 265,4 milliardar som blir overført til Statens pensjonsfond - Utland. Utan inntekt frå petroleumsverksemda ville statsbudsjettet hatt eit underskott på 36,4 milliardar i 2008.
Den største utgiftsposten i det norske statsbudsjettet er Folketrygda. I 2008 var det budsjettert med 258 milliardar til Folketrygda. Overføringa til kommunane er 113 milliardar og nest største utgiftspost i statsbudsjettet.
Kvart departement har ansvar for eigne postar i statsbudsjettet. Dei har som oppgåve å øyremerke pengar til dei ulike underordna etatane i departementa.
Oppbygginga og innhaldet i statsbudsjettet blir bestemt av Stortinget. Dei gjeldande reglane er frå 2005, men byggjer i hovudsak på prinsippa som Stortinget vedtok i 1928. Hovudprinsippa til eit statsbudsjett er at:
I statsbudsjettet for 2023 hadde ein for fyrste gang ei grøn bok, klimaboka, som skulle seie noko om kva klimatiltak staten skulle gjere.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Statsbudsjettet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.