Ståande bølgjer eller stasjonære bølgjer er ei bølgjeliknande svingerørsle som dannar eit mønster av fastliggande knutar og bukar.
Bølgja har altså ein konstant posisjon. To motsett retta bølgjer dannar ei ståande bølgje.
Fenomenet kan oppstå fordi mediet flyttar seg i motsett retning til bølgja, eller kan oppstå i eit stasjonært medium som følgje av interferens mellom to bølgjer som går i motsett retning. I det andre tilfellet er det for bølgjer med lik amplitude inga netto forplanting av energi.
I ein resonator der ståande bølgjer oppstår, vert dei kalla resonans.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ståande bølgje, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.