Språkgruppe eller språkgrein er ei gruppe nærskylde språk som kan førast tilbake til eit felles urspråk.
Germanske språk er til dømes ei språkgruppen som kan førast tilbake til urgermansk, medan nordiske eller nordgermanske språk kan førast tilbake til urnordisk. Språk som ikkje kan plasserast inn i ei språkgruppe blir kalla isolerte språk.
Mange språkgrupper kan sammenfattast til større språkgrupper. Dei største språkgruppene ein har kunna stadfesta sikkert blir gjerne kalla språkfamiliar. Også desse kan truleg sammenfattast vidare, men desse større einingane, såkalla makrofamiliar, er svært usikre ettersom dei eventuelle urspråka som bind dei saman ligg såpass langt tilbake i tid.
Det finst ingen skarpe grenser for kor stor eller åtskilt ei språkgruppe må vera for å kunna kallast språkfamilie eller makrofamilie. Dette byggjer på faglege tradisjonar og overeinskomstar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Språkgrein, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.