Spiral i matematikk er ei plan kurve som går rundt eit fast punkt, polen, ei uavgrensa mengd vindingar.
Det finst mange typar spiralar og ei av dei enklaste er Arkimedes-spiralen, som ein får når eit punkt flyttar seg med jamn snøggleik langs ei rett linje, som samtidig roterer jamt omkring polen. I polarkoordinatar er likninga r = k · φ.
Ein annan type er den logaritmiske spiralen, som har den eigenskapen at tangenten alltid dannar same vinkelen med linja til polen. Ein annan spiral er òg hyperbolsk spiral.
Ordet spiral vert òg nytta meir populært om romkurver som har uendeleg mange vindingar, som til dømes ein heliks. E
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Spiral, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.