Tete Andreas Lidbom (fødd 9.
april">9. april 1986 i Trondheim) er ein norsk radioprogramleiar. Lidbom er programleiar i fotballpodkasten Heia Fotball saman med Sven Bisgaard Sundet. Han var òg programleiar i underhaldingsprogrammet Norske tilstander på NRK P3. Tidlegare har han jobba som musikkprodusent for Urørt i P3 og musikkprogrammet Tete. Frå 2009 til 2011 spelte Lidbom trommer i punkbandet Disko Violente.
Tete Lidbom | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. april 1986 (38 år) Trondheim |
Yrke | radioprogramleiar |
Tete Lidbom på Commons |
Hausten 2019 og 2020 var Lidbom programleiar for P3-aksjonen, saman med høvesvis Ronny Brede Aase, Markus Neby, Adelina Ibishi, Martin Lepperød og Ingrid Simensen.
Lidbom gjekk på Strinda videregående skole og har studert ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tete Lidbom, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.