Q er den 17.
Egyptisk hieroglyf wj | Fønikisk qof | Gresk qoppa | Etruskisk Q | Romersk Q | ||
---|---|---|---|---|---|---|
|
bokstaven i det latinske alfabetet.
Q stammar frå den greske bokstaven qoppa (Ϙ, ϙ), som er avleidd frå fønikisk qof. Tidleg i gresk antikk brukte ein tidvis bokstaven som k-lyd framfor o og u. Han blei ikkje brukt som bokstav i klassisk gresk. Etruskarane og seinare romarane kalla bokstaven qu og brukte han først framfor o og u, der han kunne uttrykka k- eller g-lyd. Sidan blei han berre brukt framfor u.
I dei fleste moderne europeiske språk blir q nesten berre brukt framfor u, og uttrykker konsonantgruppa /kw/. På dei nordiske språka blei q brukt saman med u eller v fram til første halvdelen av 1800-talet. Stavingsreformer erstatta han med k, og q er i dag nesten ikkje brukt i nordisk, bortsett frå i særnamn.
Alfabetet | |||||
A | B | C | D | E | |
F | G | H | I | J | |
K | L | M | N | O | |
P | Q | R | S | T | |
U | V | W | X | Y | |
Z | Æ | Ø | Å |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Q, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.