Mario Vargas Llosa

Jorge Mario Pedro Vargas Llosa (fødd 28.

mars 1936) er ein peruansk forfattar, politikar, journalist, essayist og nobelprisvinnar, no gjesteprofessor ved Princeton University. Vargas Llosa er ein av dei mest framståande romanforfattarane og essayistane i Latin-Amerika, og ein av dei leiande forfattarane i sin generasjon. Nokre kritikarar reknar han for å ha eit større internasjonalt gjennomslag og globalt publikum enn nokon annan forfattar frå den latinamerikanske oppblomstringa på 1960- og 1970-talet. 10. desember 2010 fekk han Nobelprisen i litteratur «för hans kartläggning av maktens strukturer och knivskarpa bilder av individens motstånd, revolt och nederlag».

Mario Vargas Llosa
Mario Vargas Llosa
Statsborgarskap Spania, Peru, Den dominikanske republikken
Fødd 28. mars 1936 (88 år)
Arequipa
Yrke romanforfattar, dramaturg, politikar, journalist, essayist, litteraturkritikar, manusforfattar, universitetslærar, prosaforfatter, skodespelforfattar, filosof, kommentator, skribent, filmregissør
Språk spansk
Politisk parti Liberty Movement, Liberty Movement, People's Liberty
Medlem av Real Academia Española, American Academy of Arts and Sciences, Academia Brasileira de Letras, Mont Pelerin Society, Peruvian Academy of Language, Inter-American Dialogue, Académie française
Religion agnostisisme
Far Ernesto Vargas Maldonado
Mor Dora Llosa Ureta
Ektefelle Julia Urquidi Illanes, Patricia Llosa Urquidi
Born Álvaro Vargas Llosa, Morgana Vargas Llosa
Signatur
Mario Vargas Llosa på Commons

Nobelprisen

Nobelprisen i litteratur
2010

Mario Vargas Llosa
Mario Vargas Llosa i 2010.
Mario Vargas Llosa
Namnetrekket til Mario Vargas Llosa.

Diktar og politikar

Vargas Llosa vart vidkjent på 1960-talet med romanar som La ciudad y lós perros, La casa verde, og den monumentale Conversación en La Catedral. Han skriv frodig over ei rekkje litterære sjangrar, inkludert litterær kritikk og journalistikk. Romanane hans er komediar, mordmysterium, historiske romanar og politiske spenningsromanar. Fleire, som Pantaleón y las visitadoras (Pantaleón og tjenerinnene) og La tía Julia y el escribidor (Tante Julia og han som skriver), har blitt omskrivne til spelefilmar.

Mykje av arbeidet til Vargas Llosa er prega av forfattaren si forståing av det peruanske samfunnet og hans eigne røynsler som ein innfødd peruanar. Men over tid har han blitt meir internasjonalt orientert, og han har tatt for seg tema frå andre delar av verda. Ei anna endring i løpet av karrieren hans har vore skiftet frå ein stil og tilnærming innanfor litterær modernisme, over til meir leiken postmodernistisk stil.

Som mange latinamerikanske forfattarar, har Vargas Llosa vore politisk aktiv gjennom heile karrieren. Han har gradvis flytta seg frå det politiske venstre i retning høgresida. Medan han i utgangspunktet stødde den cubanske revolusjonære regjeringa til Fidel Castro, vart Vargas Llosa seinare desillusjonert. I 1990 stilte han som presidentkandidat frå sentrum-høgre-koalisjonen Frente Democrático (FREDEMO), for nyliberale reformer. Karakteristisk for dei politiske standpunkta til Vargas Llosa er grunnleggjande liberale verdiar, slik som individuell fridom og moralsk ansvar, og vern av demokratiet. Etter valet i 1990, der han vart slått av Alberto Fujimori, forlét han Peru og busette seg i Europa. Han er kjend for utsegna «Mexico er det perfekte diktaturet». Det gjekk verda rundt i 1990 etter ein tale på meksikansk fjernsyn. Utsegna vart ståande som eit munnhell gjennom det følgjande tiåret.

Tidleg liv og familie

Mario Vargas Llosa 
Arequipa, fødebyen til Mario Vargas Llosa.

Mario Vargas Llosa vart fødd i ein middelklassefamilie 28. mars 1936 i den peruanske byen Arequipa. Han var einaste barnet til Ernesto Vargas Maldonado og Dora Llosa Ureta, dei hadde skilt seg eit par månader før han vart fødd. Like etter at Mario vart fødd, avslørte faren at han hadde eit forhold med ei tysk kvinne, difor har Mario to yngre halvbrør: Enrique og Ernesto Vargas.

Vargas Llosa budde saman med familien til mora i Arequipa til eit år etter skilsmissa, då morfaren hans blei utnemnd til konsul for Peru i Bolivia. Vargas Llosa flytta så saman med mora si og familien hennar til Cochabamba i Bolivia, der han oppheldt seg dei første åra av barndomen sin. Bestefaren drifta ein bomullsgard og sytte for familien på morssida. Som born var Vargas Llosa misleidd til å tru at faren hans var død – mora og familien hennar ønskte ikkje å forklare at foreldra hans var skilte. Under regjeringa til peruanske presidenten José Bustamante y Rivero, fekk Vargas Llosa sin morfar ein diplomatisk post i den peruanske kystbyen Piura og heile familien flytta tilbake til Peru. Medan dei budde i Piura, gjekk Vargas Llosa på barneskolen på det religiøse akademiet Colegio Salesiano. I 1946, i ein alder av ti, flytta han til Lima og møtte faren sin for første gongen. Foreldra gjenoppretta forholdet og levde tenåra i Magdalena del Mar, ein middelklasseforstad til Lima. Her studerte han frå 1947 til 1949 ved den kristne ungdomsskolen Colegio La Salle.

Mario Vargas Llosa 
Kapellet ved militærakademiet i Lima der Vargas Llosa studerte.

Då Vargas Llosa var fjorten, sende faren han til Leoncio Prado militærakademi i Lima. Eit år før konfirmasjonen byrja Vargas Llosa å jobbe som amatørjournalist for lokalavisene. Han slutta ved militærakademiet, reiste til Piura og avslutta studia sine der. I Piura arbeidde han for lokalavisa, La Industria, og fekk sjå teaterframsyninga av det første dramatiske verket sitt, La huida del Inca.

Vargas Llosa starta på studium i jus og litteratur i 1953 på Universidad Nacional Mayor de San Marcos i Lima, det eldste universitetet i Amerika. Dette var under regjeringstida til Manuel A. Odría. I 1955, 19 år gamal, gifta Llosa seg med den 13 år eldre Julia Urquidi. Ho var svigerinna til morbroren. Vargas Llosa byrja den litterære karrieren sin for alvor i 1957 med utgjevinga av si første novellesamling, Lós jefes ('Leiarane'), og El abuelo, ('Bestefaren') samstundes som han arbeidde for to peruanske aviser. Etter at han vart uteksaminert frå universitetet i 1958, fekk han eit stipend for å studere ved Universidad Complutense de Madrid i Spania. I 1960, etter at stipendtida hans i Madrid hadde var ute, flytta Vargas Llosa til Frankrike i tru på stipend for å studere der, men då han kom til Paris, fekk han vita at førespurnaden om stipend var avslått. Trass den uventa finansielle statusen for ekteparet, valde dei å bli i Paris og for Vargas Llosa byrja no ein periode med fruktbar litterær produksjon. Ekteskapet deira varte berre nokre få år, og enda i skilsmisse i 1964. Eit år seinare gifta Vargas Llosa seg med kusina Patricia Llosa, og dei fekk tre born: Álvaro Vargas Llosa (1966), forfattar og redaktør, Gonzalo (1967), forretningsmann, og Morgana (1974), fotograf.

Skrivekarriere

Byrjinga og det første store verket

Vargas Llosa sin første romanen, La ciudad y lós perros, kom ut i 1963. Handlinga utspelar seg rundt eit fellesskap av kadettar på Lima militærskole, og handlinga er basert på forfattaren sine eigne opplevingar på militærakademiet der. Dette tidlege stykket fekk stor offentleg merksemd og spontan suksess. Vitaliteten og den dugeleg bruken av avanserte litterære teknikkar imponerte kritikarane umiddelbart, og han vann kritikarprisen Premio dei la Crítica Española. Likevel førte den skarpe kritikken av det peruanske militære etablissementet til kontroversar i Peru. Fleire peruanske generalar gjekk laus på romanen, og hevda at han var gjort med eit «degenerert sinn» og at Vargas Llosa var betalt av Ecuador for å undergrave omdømet til den peruanske hæren.

I 1965 kom etterfølgjaren La casa verde, om ein bordell med namnet «Det grøne huset» og korleis det mystiske nærværet til huset påverkar liva til figurane i boka. Hovudplottet følgjer Bonifacia, ei jente som forvandlar seg til 'la Selvatica', den mest kjende prostituert i «Det grøne huset». Romanen fekk straks ei entusiastisk mottaking, og stadfesta Vargas Llosa som ei viktig røyst blant forteljarar i Latin-Amerika. La casa verde vann den første Rómulo Gallegos-prisen i 1967, i konkurranse med verk av veteranen, den uruguayanske forfattaren Juan Carlos Onetti, og av Gabriel García Márquez. Denne romanen åleine samla nok prisar til å plassere forfattaren blant dei leiande i den latinamerikanske oppblomstringa. Einskilde kritikarar ser framleis på La casa verde som Vargas Llosa sin finaste og viktigaste prestasjon nokosinne. Den latinamerikanske litteraturkritikaren Gerald Martin har jamvel lagt framlegg om La casa verde som ein av dei største romanane som har kome frå Latin-Amerika.

Den tredje romanen frå Vargas Llosa, Conversación en La Catedral, vart utgjeve i 1969 då forfattaren var 33 år gamal. Denne ambisiøse forteljinga er historia om ministersonen Santiago Zavala og sjåføren hans, Ambrosio. Dei to treftest tilfeldig på ein heim for eigarlause hundar, der det kjem til ein opprivande samtale som held fram på ein nærliggjande bar kjent som «Katedralen». Gjennom samtalen, som set søkjelys på den herskande diktatoren, søkjer Zavala etter sanninga om faren si rolle i mordet på ein ukjent peruansk motstandsmann. Dessverre for Zavala leier søket inn i ei blindgate utan svar og teikn til ei betre framtid. Romanen åtek den diktatoriske regjeringa til Odría ved å vise korleis eit diktatur styrer og øydelegg livet åt menneske. Det vedvarande temaet håpløyse gjer Conversación en La Catedral til Vargas Llosa sin bitraste roman.

1970 og «oppdaginga av humor»

I 1971 publiserte Vargas Llosa García Márquez: Historia dei un deicidio, som var doktorgradsavhandlinga hans ved Universidad Complutense de Madrid. Denne omfattande studien handlar om venen, den colombianske forfattaren og nobelprisvinnaren i litteratur Gabriel García Márquez, som han seinare blei uvenn med. I 1976 slo han Márquez i ansiktet ved Palacio de Bellas Artes i Mexico by og dette blei slutten på venskapen deira. Ingen av dei to forfattarane har tala offentleg om dei underliggande årsakene til usemja. Eit fotografi av García Márquez med blått auge vart publisert i 2007, det vekte offentleg interesse for feiden. Trass tiår med tystnad, tillét Vargas Llosa i 2007 bruk av ein del av boka si som introduksjon til 40-års jubileumsutgåva av Márquez sin roman Hundre års ensomhet, utgjeve i Spania og i Latin-Amerika det året. Historia dei un deicidio vart òg gjeve ut på nytt dette året, som ein del av Vargas Llosa sine samla verk.

Etter den monumentale arbeidet Conversación en La Catedral, gjekk Vargas Llosa bort frå meir alvorlege tema som politikk og problem med samfunnet til meir satiriske skildringar. Den latinamerikanske litteraturforskaren Raymond L. Williams skildrar denne fasen i forfattarskapet hans som «oppdaginga av humor». Dei første freistnadane hans på ein satirisk roman var Pantaleón y las visitadoras, utgjeve i 1973, omsett til bokmål som Pantaleón og tjenerinnene. Denne korte, komiske romanen gjev lesaren vignettar av dialogar og skildringar av dei peruanske væpna styrkane samt eit korps av prostituerte med oppdrag å vitje dei militære utpostane i fjerntliggjande jungelområde. Handlinga er ikkje ulik det ein finn i den tidlegare romanen La casa verde, men ho er i ei anna form. Såleis er Pantaleón y las visitadoras i hovudsak ein parodi både på La casa verde og den litterære tilnærminga som den romanen representerer. Vargas Llosa fekk ideen til handlinga i Pantaleón y las visitadoras etter sjølv å ha vore vitne til korleis den peruanske hæren tilsette prostituerte og førte dei inn i jungelen for å tene soldatane der.

Frå 1974 til 1987 fokuserte Vargas Llosa på forfattarskapen, men tok seg òg tid til andre initiativ. I 1975 regisserte han ei filmatisering av Pantaleón y las visitadoras. Etter denne mislukka produksjonen, vart han vald til president for International PEN, ein verdsomspennande samskipnad av forfattarar. I denne perioden talte Vargas Llosa stadig på konferansar arrangert av internasjonalt anerkjende institusjonar som til dømes Det hebraiske universitetet i Jerusalem og Universitetet i Cambridge.

I 1977 publiserte Vargas Llosa La tia Julia y el escribidor, omsett til bokmål som Tante Julia og han som skriver. Romanen er tileigna første kona hans, Julia Urquidi, og er delvis basert på ekteskapet deira. Urquidi skreiv seinare memoarane, Lo que Varguitas no dijo (kva little Vargas ikkje sa), der ho gjev si personlege soge om tilhøvet deira. Ho seier at Vargas Llosa på fleire område overdriv mange negative sider ved ekteskapet deira samstundes som han reduserer rolla ho har hatt med å stø den litterære karrieren hans. La tia Julia y el escribidor blir rekna som eit av dei mest slåande døme på korleis språket og bilete frå populærkultur kan brukast i litteraturen. Romanen vart filmatisert i 1990 av Hollywood med tittelen Tune in Tomorrow.

Seinare romanar

Mario Vargas Llosa 
Vargas Llosa i 1982

Den fjerde store romanen frå Vargas Llosa er Dommedagskrigen, La Guerra del fin del mundo frå 1981, og var første freistnaden hans på ein historisk roman. Dette arbeidet starta ei radikal endring i Vargas Llosa sin stil i retning tema som messianisme og irrasjonell menneskeleg framferd. Handlinga går føre seg i krigen i Canudos, ei hending på 1800-talet i Brasil der ein væpna millenaristisk kult heldt ut ei kringsetjing av den nasjonale hæren i fleire månader. Som dei tidlegaste verka hans, tek denne romanen opp eit nøkternt og alvorleg tema, og tonen er mørk. Vargas Llosa er dristig i utforsking av mennesket sin hug til å idealisere vald, og soga om ein menneskeskapt katastrofe grunna fanatisme, dette gjorde at kritikarane gav romanen mykje heider. Kritikarar har hevda at dette er eit av Vargas Llosa sine største litterære stykke synleggjort gjennom ambisjon og gjennomføring. Men trass i at romanen har blitt hylla i Brasil, fekk han i starten dårleg mottaking der fordi ein utlending skreiv om eit brasiliansk tema. Boka vart òg kritisert som revolusjonær og antisosialistisk. Vargas Llosa hevdar at denne boka er favoritten hans, og ho er det mest krevjande verket han har skapt.

Etter utgjevinga av Dommedagskrigen, byrja Vargas Llosa å skrive romanar som var vesentleg kortare enn mange av dei tidlegare bøkene hans. I 1983 gjorde han ferdig Historia de Mayta, omsett til bokmål med tittelen Historien om Mayta. Romanen fokuserer på ein venstreorientert oppstand som fann stad 29. mai 1962 i byen Jauja i Andesfjella. Seinare same året, i perioden under Sendero Luminoso-opprøret, inviterte den peruanske presidenten Fernando Belaúnde Terry Vargas Llosa til å bli med i kommisjonen for å granske den forferdelege massakren av åtte journalistar som vart drepne blant innbyggjarane i Uchuraccay. Det viktigaste føremålet med kommisjonen var å undersøkje drapa for å gje informasjon om hendinga til det offentlege. Etter engasjementet i kommisjonen, publiserte Vargas Llosa ei rekkje artiklar som tok hans eigen posisjonen i saka i forsvar. I 1986 fullførte han den neste romanen, ¿Quién Mato ein Palomino Molero?, Hvem drepte Palomino Molero. Sjølv om handlinga i denne romanen er mykje lik dei tragiske hendingane i Uchuraccay, poengterte litteraturkritikar Roy Boland at det ikkje var eit forsøk på å rekonstruere drapa, men snarare ein «litterær eksorsisme» av Vargas Llosa sine eigne røynsler frå arbeidet i kommisjonen. Opplevinga gav òg inspirasjon til ein av dei seinare romanane til Vargas Llosa, Lituma en los Andes, (Lituma i Andesfjellene), opphavleg utgjeven i Barcelona i 1993.

Det gjekk nesten 20 år før Vargas Llosa skreiv eit nytt stort verk: Bukkefesten, La Fiesta del Chivo, ein politisk thriller, kom ut i 2000. Ifølgje Williams er dette den mest komplette og mest ambisiøse romanen frå Vargas Llosa sidan Dommedagskrigen. Romanen er lagt til Den dominikanske republikken og diktaturet til Rafael Trujillo frå 1930 til han vart myrda i 1961. Han har tre hovudlinjer: ei tar føre seg Urania Cabral, dotter av ein tidlegare Trujillo-lojal politikar som kjem tilbake for første gongen sidan ho forlét Den dominikanske republikken etter Trujillo-drapet 30 år tidlegare, den andre konsentrerer seg om sjølve mordet, konspiratørane som utførte det, og konsekvensane, og den tredje linja tar føre seg Trujillo sjølv i scener frå slutten av regimet hans. Boka fekk straks positiv omtale i Spania og Latin-Amerika, og har hatt ein monaleg innverknad i Latin-Amerika, og er rekna som eit av Vargas Llosa sine beste verk.

I 2006 skreiv Vargas Llosa Rampejenta, Travesuras de la Niña Mala, som journalisten Kathryn Harrison rosande hevdar er ei omskriving, meir enn berre ei resirkulering, av Gustave Flaubert sin roman Madame Bovary frå 1856. I Rampejenta er forteljaren ein peruansk emigrant. Over fleire tiår er han gripen av ei kvinne som han har vore kjær i sidan begge var tenåringar.

Seinare liv og politisk engasjement

Som mange andre latinamerikanske intellektuelle, var Vargas Llosa i utgangspunktet ein tilhengar av den cubanske revolusjonære regjeringa til Fidel Castro. Han studerte marxismen i tida på universitetet, og vart seinare overtydd av kommunistiske ideal etter framgangen for den cubanske revolusjonen. Men gradvis kom Vargas Llosa til å tenke at cubanske sosialisme ikkje var i samsvar med kva han såg som generelle menneskerettar og fridomar. Det offisielle brotet mellom forfattaren og politikken til den cubanske regjeringa skjedde med den såkalla Padilla-affæren, då Castro kasta poeten Heberto Padilla i fengsel. Saman med andre intellektuelle på den tida, skreiv Vargas Llosa til Castro og protesterte mot det cubanske politiske systemet og fengslinga av kunstnaren. Etter den tid har Vargas Llosa identifisert seg med liberalismen snarare enn ekstreme venstreorienterte politiske ideologiar, og han har vore motstandar av både venstre- og høgreorienterte autoritære regime.

Då Vargas Llosa blei utnemnd til medlem i undersøkingskommisjonen i 1983 opplevde han det som litteraturkritikar Jean Franco kallar «den mest ubehagelege hendinga i hans politiske karriere». Dessverre for Vargas Llosa, leidde engasjementet i kommisjonen til snarlege negative reaksjonar og ærekrenkingar i den peruanske pressa, og mange ymta om at massakren var ein konspirasjon for å hindre journalistar frå å rapportere om dei paramilitære regjeringsstyrkane i Uchuraccay. Utvalet konkluderte med at det var dei innfødde landsbybuarane som hadde vore ansvarlege for drapa. For Vargas Llosa var hendinga eit teikn på «kor sårbare demokratia i Latin-Amerika er og kor lett dei kan bli utsletta av både høgre- og venstrediktatur». Både konklusjonane, og Vargas Llosa personleg, kom under intens kritikk; antropolog Enrique Mayer, til dømes, skulda han for «paternalisme», medan antropologen Carlos Iván Degregori kritisert han for hans vankunne om samfunnet i Andes. Vargas Llosa vart skulda for aktiv hjelp til regjeringa med å dekkje rolla hæren hadde i massakren. Misha Kokotovic, forskar i latinamerikalitteratur, har samanfatta kritikken med at forfattaren vart skulda for å sjå «innfødde kulturar som ei 'primitiv' hindring for realisering av dei vestlege modernitetsideala». Vargas Llosa var sjokkert både av ugjerninga i seg sjølv og deretter av reaksjonen på rapporten. Svaret frå Vargas Llosa på kritikken var at dei tydelegvis var meir opptatte av rapporten enn av at hundrevis av bønder seinare blei drepne av geriljaorganisasjonen Sendero Luminoso.

Mario Vargas Llosa 
Vargas Llosa ved skipinga av UPD, i september 2007

Gjennom 1980-talet vart Vargas Llosa kjent for si trufaste nyliberale haldning. I 1987 hjelpte han med skipinga og seinare leidde han det politiske partiet Movimiento Libertad. Året etter gjekk partiet inn i ein koalisjon med dei to viktigaste konservative politikarane i Peru på den tida, tidlegare president Fernando Belaúnde Terry, leiar av Acción Popular, og Luis Bedoya Reyes, leiar av Partido Popular Cristiano, for å danne treparti sentrum-høgrekoalisjonen kjent som Frente Democrático, FREDEMO. Vargas Llosa stilte som FREDEMO-koalisjonen sin presidentkandidat i Peru i 1990. Han foreslo eit drastisk økonomisk spareprogram som skremde dei fleste fattige veljarar, dette programmet understreka trongen for privatisering, marknadsøkonomi, frihandel, og viktigast, spreiing av privat eigedom. Sjølv om han vann første runde med 34 % av stemmene, vart han slått av ein til då ukjent jordbruksingeniør, Alberto Fujimori i den andre valomgangen. Vargas Llosa gjorde greie for valet i sjølvbiografiske El pez en el agua, «Ein fisk i vatnet», 1993. Etter det politiske nederlaget i 1990, har han fokusert hovudsakleg på forfattarskapen sin, med berre sporadiske politiske engasjement.

Ein månad etter valnederlaget, deltok Vargas Llosa på ein konferanse av intellektuelle i Mexico etter invitasjon frå landets mest framståande forfattar, Octavio Paz. Konferansen, «El siglo XX: la experiencia de la libertad» ('Det 20. hundreåret: opplevinga av fridom'), hadde diskusjonar om samanbrotet av det kommunistiske styret i Aust-Europa på programmet. Det vart sendt på meksikansk TV frå 27. august til 2. september. I ein tale halden den 30. august 1990 fordømte Vargas Llosa det meksikanske maktsystemet, som var basert på eit permanent styre av partiet Partido Revolucionario Institucionals, PRI. På det tidspunktet hadde partiet vore ved makta i 61 år, og Vargas Llosa kritiserte det med namn. Han erklærte, «Mexico er det perfekte diktaturet. Det perfekte diktaturet er ikkje kommunismen, ikkje Sovjetunionen, ikkje Fidel Castro; det perfekte diktaturet er Mexico fordi det er eit kamuflert diktatur.» «Mexico er det perfekte diktaturet» vart ein klisjé både i Mexico, og også internasjonalt fram til PRI til slutt tapte presidentskapet i Mexico i 2000.

Vargas Llosa har hovudsakleg budd i London sidan 1990-talet, men bur rundt tre månader av året i Peru. Han fekk spansk statsborgarskap i 1993, han vitjar ofte Spania for å delta på ulike konferansar og ferierer der. I 1994 vart han vald inn som medlem av Det kongelege spanske akademiet, Real Academia Española, og har vore aktiv på den spanske politiske arenaen. I februar 2008 heldt han opp med å stø Partido Popular for å gå med i det nyleg oppretta Unión Progreso y Democracia i Spania. Boka Politica razonable, skriven av fem framtredande personar innan kulturliv, skildrar Vargas Llosa sin politiske ideologiske plattform. Han held fram med å skrive, både journalistikk og fiksjon, og reiser mykje. Han har òg undervist som gjesteprofessor ved ei rekkje framtredande universitet.

Stil

Handling, miljø og hovudtema

Arbeidet til Vargas Llosa byggjer på omfattande historiske material så vel som på hans eigne personlege røynsler. Til dømes var røynsla hans ved den militære skulen, Leoncio Prada, grunnlaget for skildringa av den korrupte offentlege institusjonen i den første romanen La ciudad y lós perros. Korrupsjon på skolen er òg ei avspegling av korrupsjonen i det peruanske samfunnet på den tida romanen vart skriven. Vargas Llosa brukar ofte forfattarskapen til å utfordre negative sider ved samfunnet, slik som moralsk forfall og politisk undertrykking av dei som utfordrar den politiske makta. Eit tema som han har utforska i forfattarskapen er kampen for fridomen til individet i ein røyndom av underkuing, som i romanen Conversación en La Catedral der bakteppet er det tyranniske diktaturet under den peruanske presidenten Manuel A. Odría. Hovudpersonen, Santiago, gjer opprør mot det kvelande diktaturet ved å delta i undergravande verksemd i venstreorienterte politiske grupper. I tillegg til tema som korrupsjon og undertrykking, utforskar Vargas Llosa «fordømminga av Perus grunnleggjande institusjonar». I den andre romanen, La casa verde skildrar han overgrep utførte av dei korrupte militære offiserane og utnytting av arbeidarar ved ein bordell.

Mange av Vargas Llosa tidlege romanar har miljø og handling frå Peru, medan nyare verk utspelar seg i andre delar av Latin-Amerika, som Brasil og Den dominikanske republikken. Dommedagskrigen var det første store verket hans der handlinga er lagt utanfor Peru. Trass i at handlinga femnar om historiske hendingar ved Canudos-opprøret mot den brasilianske regjeringa, byggjer ikkje romanen direkte på historiske fakta. Snarare er den viktigaste inspirasjonskjelda nedteikningar av desse hendingane publiserte av den brasilianske forfattaren Euclides da Cunha i 1902. Bukkefesten, basert på diktaturet åt Rafael Trujillo, finn stad i Den dominikanske republikken. Her gjorde Vargas Llosa ein omfattande studie av historia til republikken som førebuing til skrivearbeidet. Romanen er realistisk i karakter, og Vargas Llosa understrekar at han «respekterte dei grunnleggjande fakta,. [...] Eg har ikkje overdrive», men samstundes legg han til «det er ein roman, ikkje ei historiebok, så eg tok meg mange, mange fridomar.»

Ein av Vargas Llosa sine nyare romanar, Paradiset på det andre hjørnet, originaltittel El paraíso en la otra esquina, går hovudsakleg føre seg i Frankrike og Tahiti. Basert på biografien til tidlegare sosial reformator Flora Tristan, viser det korleis Flora og Paul Gauguin ikkje fann paradiset, men likevel klarte å inspirere tilhengarar til å fortsetje å arbeide mot ein sosialistisk utopi. Einskilde kritikarar, som Barbara Mujica, hevdar at Paradiset på det andre hjørnet manglar den «djervskap, energi, politisk visjon og forteljargeni» som var til stades i dei tidlegare arbeida hans.

Modernisme og postmodernisme

Verka til Mario Vargas Llosa er sett på som både modernistiske og postmodernistiske romanar. Sjølv om det enno er mykje debatt om kva som skil den modernistiske frå den postmodernistiske litteraturen, hevdar litteraturvitar M. Keith Bookar at problematikken og den teknisk kompleksiteten i Vargas Llosa sine tidlege verk, som La casa verde og Conversación en La Catedral, er innslag som er typiske for den moderne romanen. Vidare ber desse tidlegare romanane alle ei viss seriøs innstilling, eit anna viktig aspekt ved definisjonen av den modernistiske kunsten. Dei seinare romanane hans som Pantaleón y las visitadoras, La tía Julia y el escribidor, (Tante Julia og han som skriver), Historia de Mayta, (Historien om Mayta), og El hablador, (Han som snakker) synest derimot å følgje ein postmodernist modus. Desse romanane har ein mykje lettare, laussleppt og komisk tone, karakteristisk for postmodernismen. Ved å samanlikne dei to romanane La casa verde og Pantaleón y las visitadoras, diskuterer Bookar kontrasten mellom det ein finn av modernisme og postmodernisme i verka til forfattaren. Begge romanane utforskar emne som arbeid i det peruanske militære og prostitusjon, men Bookar peikar på at det første verket skildrar emna gravalvorleg, det sistnemnde latterleg komisk.

Samanvovne dialogar

Litteraturforskaren M. Keith Bookar hevdar at Vargas Llosa perfeksjonerer teknikken av samanfletta dialogar i romanen La casa verde. Ved å kombinere to samtalar som skjer til ulike tider, skaper han ein illusjon av eit flashback, eit innskot frå fortida. I somme fall brukar Vargas Llosa òg denne teknikken som eit middel til skiftande plassering ved samanveving av to samtidige samtalar som går føre seg på ulike stader. Teknikken er eit fast innslag i repertoaret hans, som han byrja å bruke nær slutten av den første romanen, La ciudad y lós perros. Derimot brukar han ikkje samanvovne dialogar på dette viset i alle romanane. Til dømes i La casa verde er teknikken brukt på ein alvorleg måte å oppnå ein nøktern tone og å fokusere på samanhengen mellom vektige hendingar fråskilt i tid og rom. I Pantaleón y las visitadoras skaper denne strategien komiske effektar der forfattaren brukar enklare scenebytte. Teknikken liknar både Virginia Woolf sine samanvevingar av monologar hos ulike karakterar og på Gustave Flaubert sin kontrapunktiske teknikk der han fletter saman samtalar med andre hendingar, så som førelesingar.

Litterære førebilete

Dei første litterære førebileta for Vargas Llosa var relativt ukjente peruanske forfattarar som Martín Adan, Carlos Oquendo dei Amat og César Moro. Som ein ung forfattar, såg han til desse revolusjonære forfattarane på jakt etter nye forteljarstrukturar og teknikkar for å utleie eit meir mangesidig og moderne bilete av det urbane Peru. Han søkte ein stil som skilde seg frå dei tradisjonelle skildringane av landet og landsbylivet som var gjort vidkjent av den mest framståande romanforfattaren i Peru på den tida, José María Arguedas. Vargas Llosa skreiv om Arguedas sitt arbeid at det var «eit døme på gammalmodig regionalisme som allereie hadde uttømt sine visjonære potensial». Sjølv om han ikkje delte Arguedas sin lidenskap for urfolka sin situasjon, såg Vargas Llosa opp til og respekterte forfattaren for bidraga hans til den peruanske litteraturen. I 1996 gav han også ut ein studie av arbeidet til Arguedas, La Utopía arcaica.

Vargas Llosa såg òg til utlandet for litterær inspirasjon snarare enn å avgrense seg til peruansk litteratur. To franskmenn, den eksistensialistiske Jean-Paul Sartre og realisten Gustave Flaubert, påverka både teknikken og stilen hans. Innverknaden frå Sartre er mest utbreidd i den omfattande bruk av samtalen hos Vargas Llosa. Det innleiande kapitlet i La ciudad y lós perros, den første romanen hans, er tatt rett ut frå Sartre sitt arbeid. Vargas Llosa, har alltid sett opp til Flaubert sitt litterære sjølvstende, og i 1975 han skreiv eit essay om Flaubert sin estetikk, kalla La orgía perpetua. Flaubert y Madame Bovary. I analysen av Flaubert set Vargas Llosa spørsmålsteikn til den revolusjonære krafta i litteratur i ein politisk setting. Dette står i kontrast til det tidlegare synet hans om at «litteraturen er ei form for opprør».

Ein av Vargas Llosa sine favorittforfattarar, og kanskje den mest innflytelsesrike på forfattarskapen hans, er amerikanske William Faulkner. Vargas Llosa reknar Faulkner som «forfattaren som perfeksjonert metodane til den moderne romanen». Begge forfattarar nyttar kompliserte endringar i tid og forteljarstemme. For eksempel er handlinga og utviklinga av hovudpersonen i La ciudad y lós perros, i ei viss grad påverka av Mørk august, (Light in August), som Vargas Llosa set høgst av alle Faulkner sine verk.

Utanom essaya om Arguedas og Flaubert, har Vargas Llosa skrive litterære kritikkar av andre forfattarar som han har beundra, som García Márquez, Albert Camus, Ernest Hemingway, og Jean-Paul Sartre. Det Vargas Llosa vil med verka som ikkje er fiksjonar, er å akte innverknaden som desse forfattarane har på forfattarskapen hans, og å godta eit samband mellom seg sjølv og andre forfattarar. Kritikar Sara Castro-Klarén hevdar at han har ein lite systematisk analyse av dei litterære teknikkane til desse forfattarane. I La orgía perpetua. Flaubert y Madame Bovary, til dømes, diskuterer han tilhøvet mellom sin eigen og Flaubert sin estetikk, framfor å fokusere på Flaubert åleine.

Innverknad og verdsetjing

Mario Vargas Llosa 
Vargas Llosa får æresdoktorat ved Universitetet i La Rioja.

Mario Vargas Llosa er sett på som ein av dei store latinamerikanske forfattarane, saman med namn som Octavio Paz, Julio Cortázar, Jorge Luis Borges, Gabriel García Márquez og Carlos Fuentes. I boka La Nueva Novela, gjev Fuentes ein grundig litterær kritikk av den positive innverknaden som arbeidet til Vargas Llosa har hatt på latinamerikansk litteratur. Den britiske litteraturkritikar Gerald Martin, skreiv i 1987, at Vargas Llosa var «kanskje den mest framgansrike [... og] utvilsamt den mest kontroversielle latinamerikanske forfattaren dei siste tjuefem åra».

Dei fleste av Vargas Llosa sine forteljingar er omsett til fleire språk, og har mottatt monaleg internasjonal vørdnad. Vargas Llosa er jamvel kjent for det vektige bidraget sitt til journalistikken, noko som få andre latinamerikanske forfattarar har gjort. Vargas Llosa er ein av forfattarane som med stort medvite har fremja litteraturen generelt, og meir spesifikt romanforma, som ein arena for meiningsfulle kommentarar om livet. I løpet av karrieren har han skrive meir enn eit dusin romanar og mange andre bøker og historier, og har i fleire tiår vore ei framtredande røyst i latinamerikansk litteratur. Han har vunne ei rekkje prisar for forfattarskapen, frå Premio Leopoldo Alas i 1959 og Premio Biblioteca Breve 1962 til Premio Planeta 1993 for Lituma i Andesfjellene og Jerusalem Prize i 1995. Litteraturkritikaren Harold Bloom har teke med Dommedagskrigen i lista over essensielle litterære verk i den vestlege litterære einskapen. Ein viktig heider han har mottatt er Miguel de Cervantes-prisen i 1994. Prisen er sett på som den viktigaste utmerkinga gjeven i spansk litteratur og blir tildelt forfattarar som har gjort «arbeid har bidrege til å tilføre verdi i den litterære arven i det spanske språket på ein overtydande måte». Vargas Llosa mottok òg Irving Kristol Award frå American Enterprise Institute i 2005, og Harold og Ethel L. Stellfox Visiting Scholar og Writers Award på Dickinson College i 2008. I 2010 blei han tildelt Nobelprisen i litteratur «för hans kartläggning av maktens strukturer och knivskarpa bilder av individens motstånd, revolt och nederlag».

Ei rekkje av verka til Vargas Llosa er filmatiserte, som La ciudad y lós perros og Pantaleón y las visitadoras, begge gjort av den peruanske regissøren Francisco Lombardi, og Bukkefesten, ved Luis Llosa, fetter av Vargas Llosa. Tante Julia og han som skriver vart omgjort til den engelskspråklege filmen, Tune in tomorrow. Bukkefesten har òg vorte dramatisert av Jorge Alí Triana, ein colombiansk dramatikar og regissør.

Verk i utval

Norske omsetjingar i parentes med utgjevingsår om det skil seg frå originalutgjevinga.

Skjønnlitteratur

  • 1959 – Los jefes
  • 1963 – La ciudad y los perros
  • 1966 – La casa verde
  • 1967 – Los cachorros (Valpene, 2010)
  • 1969 – Conversación en La Catedral
  • 1973 – Pantaleón y las visitadoras (Pantaleón og tjenerinnene, 1974)
  • 1977 – La tía Julia y el escribidor (Tante Julia og han som skriver, 2007)
  • 1981 – La guerra del fin del mundo (Dommedagskrigen, 1982)
  • 1984 – Historia de Mayta (Historien om Mayta, 1985)
  • 1986 – ¿Quién mató a Palomino Molero? (Hvem drepte Palomino Molero?, 1988)
  • 1987 – El hablador (Han som snakker, 1991)
  • 1988 – Elogio de la madrastra (Til stemorens pris, 1992)
  • 1993 – Lituma en los Andes (Lituma i Andesfjellene, 1995)
  • 1997 – Los cuadernos de don Rigoberto (Rigobertos notatbøker, 1998)
  • 2000 – La fiesta del chivo (Bukkefesten, 2003)
  • 2003 – El paraíso en la otra esquina (Paradiset på det andre hjørnet, 2004)
  • 2006 – Travesuras de la niña mala (Rampejenta, 2007)
  • 2009 – Cartas a un joven novelista (Brev til en ung forfatter, 2009)
  • 2010 – El sueño del celta

Fakta

  • 1971 – García Márquez: historia de un deicidio
  • 1975 – La orgía perpetua: Flaubert y "Madame Bovary"
  • 1990 – La verdad de las mentiras: ensayos sobre la novela moderna
  • 1993 – El pez en el agua. Memorias
  • 1996 – La utopía arcaica: José María Arguedas y las ficciones del indigenismo
  • 1997 – Cartas a un joven novelista
  • 2001 – El lenguaje de la pasión
  • 2004 – La tentación de lo imposible
  • 2007 – El Pregón de Sevilla
  • 2009 – El Viaje a la Ficcion

Drama

  • 1952 – La huida del inca
  • 1981 – La señorita de Tacna
  • 1983 – Kathie y el hipopótamo

Essay og journalistikk er samla under tittelen Contra viento y marea og gjeve ut i tre band i 1983, 1986 og 1990.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Mario Vargas Llosa  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Mario Vargas Llosa

Tags:

Mario Vargas Llosa Diktar og politikarMario Vargas Llosa Tidleg liv og familieMario Vargas Llosa SkrivekarriereMario Vargas Llosa 1970 og «oppdaginga av humor»Mario Vargas Llosa Seinare liv og politisk engasjementMario Vargas Llosa StilMario Vargas Llosa Litterære førebileteMario Vargas Llosa Innverknad og verdsetjingMario Vargas Llosa Verk i utvalMario Vargas Llosa KjelderMario Vargas Llosa BakgrunnsstoffMario Vargas Llosa19361960-talet1970-talet28. marsDen latinamerikanske oppblomstringaForfattarJournalistLatin-AmerikaNobelprisvinnarPeruPolitikarPrinceton UniversityRoman

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KasakhstanHallgeir BrendenTorstein FlakneNato-alfabetetEM i fotball 2008Siemens AGLübeckMexicoMeisterverkBitcoinHeilage onsdagKlubbeBeer AjamPAtropinTrondheimSkalmen fyrstasjonLemmingVårsøgHiroki ArataniOppland fylkeTredje påskedagÆrfuglElvdalskCarl XVI Gustaf av SverigeC24. marsBeltegrader i judoKunstig intelligensAllahu akbarQ.E.D.Mickey RaphaelBarentshavetPyramidekabalBodø kommuneOman2023MidsommarKlarälvenBuIrskSlaget om StalingradHalloFjodor DostojevskijKanye WestAserbajdsjanGudbrandsdalenNobelprisen i litteraturCristiano RonaldoSluddHesjeAktiv galaksekjerneSovjetunionenHeradBjørnstjerne Bjørnson2021RumoursStilarkApeTysdagFrikjeldeetterretningAbelkonkurransenBoris JohnsonPåskekyllingNasjonaldyrAkslaJesusDen kalde krigenScrabbleVevelstad kommuneVulkanar i ItaliaLepsøyaBosnia-HercegovinaRusslandHenningsværbrueneSteve StevensMilliBosut🡆 More