Jonsok (ei samandraging av jonsvoke), òg kalla sankthans eller jonsmesse, er den 24.
juni. Ved jonsok er det vanleg mange stader i Nord-Europa å feire midtsommar. Mange stadar vert det brent bål på jonsokaftan den 23. juni. På primstaven er jonsok gjerne merkt av med ei krone, ein kross, ein ljå eller eit tre.
Namnet jonsok kjem av det norrøne jónsvaka, av Jon, som er ei forkorting av Johannes. St. Hans er ei forkorting av Sankt Johannes' dag. I den katolske kyrkja er den 24. juni minnedag for Johannes døyparen.
Jonsokbålet blir også kalla «brise», «brising» eller «briseld» - i følge Ivar Aasen «især Lystild som optændes på et høit Sted for at sees i Frastand.»
På same måte som jul, er midtsommarfesten ein gammal heidensk tradisjon. Han blei feira med leik, dans, drikk og ulike skikkar med heidensk opphav. Rundt reformasjonen på 1500-talet gjorde kyrkjer og styresmakter mykje for å stoppa det dei såg på som ei umoralsk feiring. Tradisjonen blei noko svekka i land som Danmark-Noreg og Storbritannia, men heldt seg betre i Sverige, Finland, Estland og Latvia.
I Noreg var jonsokdagen offentleg heilagdag etter Kristian den femtes norske lov, under namnet St. Hans Babtistæ Dag. I kyrkjene vart det preika over Evangeliet etter Lukas, 1. kapittel versa 57-79 Johannes vert fødd og Sakarjas lovsong. Dette vart oppheva frå 1771 ved Festdagsreduksjonen, men nokre stader i Noreg, mellom anna i Vestfold, har jonsokdagen vore fridag opp til våre dagar.
Olaus Magnus skildra feiringa slik i 1555:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jonsok, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.