Insidens er eit omgrep innan epidemiologi og er definert som kor mange nye tilfelle av ein sjukdom ein får i ein populasjon innanfor ein definert tidsperiode.
Populasjonen er som regel den delen av folkesetnaden som har ein risiko for å få sjukdommen, t.d. kvinner over ein viss alder om ein ser på livmorhalskreft.
Insidensraten er definert som insidensen delt på oppfølgingstida (personår).
For å få gode tal for insidensen av ein del sjukdommar er det i Noreg meldeplikt, legar og laboratorie må melde frå til Folkehelseinstituttet om nye tilfelle av desse sjukdommane.
Gode tal på variasjon av insidens er avhengig av korrekt diagnostikk. Eit døme på kva dette tyder ser ein på insidensen av medfødde hjartefeil til ulike tider. Tidlegare var denne rekna til 0,6-0,7 % av alle nyfødde. Nyare tal er på rundt 1%. Skilnaden skuldast truleg ikkje reell auke, men skuldast betre undersøkingsmetodar som finn fleire små feil.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Insidens, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.