I'll Get You

«She Loves You»

I'll Get You
av The Beatles
A-side

Språk engelsk
Utgjeve 23. august 1963 (UK)
16. september 1963 (US)
Innspelt 1. juli 1963
EMI Studios, London
Sjanger Merseybeat
Lengd 2:04
Selskap
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«From Me to You»
(1963)
I'll Get You «I Want to Hold Your Hand»
(1963)

«I'll Get You» er ein song by The Beatles, skriven av Lennon–McCartney, og gjeven ut av The Beatles som B-side til singelen deira i 1963. Songen heitte opphavleg «Get You in the End».

Struktur

John Lennon og Paul McCartney song i harmoni gjennom heil songen, som var vanleg for Beatles på denne tida. I motsetnad til dei fleste andre Beatles-songar, så var det ingen gitarsolo og sologitaren fungerer her i røynda som ein andre rytmegitar. Det mest markante instrumentet på sporet er den fyldige bassen til McCartney og munnspelet til Lennon, som vart overdubba i all hast sidan studiotida dei var oppbrukt.

Beatles-skribenten Bill Harry meiner Lennon skreiv det meste av songen, medan McCartney hevdar det var eit 50/50-samarbeid. McCartney hugsar at dei skreiv songen heime hos Lennon i Menlove Avenue. Dette var sjeldan sidan Lennon si tante Mimi, som han budde med på denne tida, mislikte The Beatles.

Utgjeving

Songen vart gjeven ut som B-side ved to forskjellige høve. Første gongen var han B-side til (den 28. august 1963 i Storbritannia og 16. september i USA) og vart òg seinare gjeven ut i USA den 21. mai 1964 som B-sida til «Sie Liebt Dich», ein tyskspråkleg versjon av den førre A-sida. Begge kom ut på Swan Records i USA som dei einaste utgjevingane til Beatles på det selskapet (i Storbritannia var det Parlophone).

Songen kom òg ut i USA den 10. april 1964 på Capitol Records-albumet The Beatles' Second Album. Han kom ikkje ut på eit album i Storbritannia før Rarities. Eit konsertopptak av sonegn, spelt inn i London Palladium den 13. oktober 1963, finst på Anthology 1. Ein versjon spelt inn for BBC Paris studios i London den 16. juli 1963 for «Pop Go The Beatles» har enn så lenge ikkje blitt utgjeve. Eit anna opptak for BBC, spelt inn 7. september 1963, vart offisielt gjeve ut i 2013 på On Air – Live at the BBC Volume 2.

Medverkande

    Personnel per Ian MacDonald

Andre versjonar

Songen vart spelt inn av The Smithereens på albumet deira B-Sides The Beatles, og av The Inmates på albumet deira Meet The Beatles – Live In Paris.

Andy Fairweather Low and The Low Riders spelte ein lågmeldt, countryversjon av songen på konsertane sine.

Kjelder

Tags:

I'll Get You StrukturI'll Get You UtgjevingI'll Get You MedverkandeI'll Get You Andre versjonarI'll Get You KjelderI'll Get YouShe Loves You

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VietnamkrigenLohengrin sjokoladeFjodor DostojevskijArne BrimiAppelsinCytosinSnøskuterEPA-traktorTrude DrevlandBiologisk familieAretha FranklinJolly ColaAntonio BanderasPanamakanalenMidsommarNotoddenYEinar FørdeBjordalNordmøreFinskOffentleg eigedomMuflonAnders Kristiansen (1990- )WiktionaryMaskorama (sesong 4)VietnamTone Wilhelmsen TrøenAsteroidemåneKaptein Sabeltann2024Den afghansk-sovjetiske krigenHarald V av NoregAustraliaRSSScrabbleDei sørlege NederlandaFumaroleCascadaFilmserien OlsenbandenSnømyrkreMosambikUllevaal StadionMS «Queen Elizabeth 2»Heaven for EveryoneGol vidaregåande skuleRakiaFurlongHertuginne1986SoknerådThe Star-Spangled BannerVM i skiskyting 2021Ghoul1742Sofie MarhaugGolden GlobeHeilage NikolasErik ByeCERNLepsøyaAndré GideBrad PittIvar AasenWe Can't DanceDen sørlege regionen i EtiopiaAad GjelleAlenHepatitt C-virusSkjørbuksurtDen europeiske unionenEinar SagenEHundre🡆 More