Gullsjakal (Canis aureus), òg kjent som vanleg sjakal og i Austen òg som asiatisk sjakal.
Gullsjakal | |
Gullsjakal | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Gullsjakal | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Underorden: | Caniformia |
Infraorden: | Cynoidea |
Familie: | Hundefamilien Canidae |
Slekt: | Canis |
Art: | Gullsjakal C. aureus |
Vitskapleg namn | |
Canis aureus |
Dette er den vanlegaste av sjakalane, og han finst både i det nordlege og austlege Afrika og i sørlege sentrale strøk i Eurasia .
Gullsjakal minner om ein ulv, men er mindre enn ein setter. Han er gjerne omkring 70-85 cm (60-106 cm er målt) i kroppslengd. Halen er ca. 25 cm lang og skulderhøgda er normalt ca. 38-50 cm. Vekta er normalt kring 8-15 kg. Dei nordlegaste variantane blir som regel størst. I Afrika blir gullsjakal truleg berre unnataksvis meir enn 10 kg.
Pelsen er ganske grov og raudgul med ei kvit markering på halsen. Nokre stadar er han nær søvfarga over ryggen. Buken er lysare, nær kvit eller bleikgul. Haletippen er alltid svart. Pelsen blir gjerne noko mørkare i vinterhalvåret. Det første tilfellet av melanisme (svarte individ) blei dokumentert mot slutten av 2012. Det er òg små skilnader mellom dei ulike variantane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gullsjakal, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.