Emilie Enger Mehl (fødd 8.
august 1993) er ein norsk politikar og jurist. Ho er justisminister i Regjeringa Støre frå 2021. Ho er sidan 2017 stortingsrepresentant frå Hedmark, vald for Senterpartiet. Mehl tok eksamen i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2017. Gjennom fylkestingsvalet 2015 fekk ho plass i Hedmark fylkesting, der ho vart vald til nestleiar i Komiteen for økonomi, eigedom og regionalt samarbeid. Ved stortingsvalet 2017 var ho Hedmark senterparti sin andrekandidat og innvald til Stortinget. På Tinget hadde ho 2017-20 plass i Justiskomiteen, sesjonen 2020/21 var ho medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen.
Emilie Enger Mehl | |||
| |||
Fødd | 8. august 1993 (30 år) Lørenskog | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar, realitydeltaker, justisminister | ||
Utdanna ved | Åsgård skole Ås ungdomsskole Åsnes ungdomsskole Solør videregående skole Wyoming Park High School Aalborg Sportshøjskole Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo | ||
Alle verv |
|
I 2015 vann Mehl fyrste sesong av Anno på NRK, som vart spela inn på Bryggen i Bergen. I 2022 vann ho tredje sesong av Kompani Lauritzen. Mehl takka nei til betaling for deltakinga i programmet og bad i staden om at honoraret skulle donerast til friviljuge organisasjonar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Emilie Enger Mehl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.