Eli Kari Gjengedal (fødd 24.
mars 1971 i Leikanger) er ein norsk forfattar og akvaingeniør. Ho er kanskje mest kjend som tidlegare vêrpresentatør i StormGeo med ein sterk nynorsk profil, der ho mellom anna presenterte vêret på TV 2 frå 2000 til 2012. I tillegg har ho i kortare periodar vore programleiar på kanalen.
Eli Kari Gjengedal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1971 (53 år) Leikanger kommune |
Yrke | skribent |
Eli Kari Gjengedal på Commons |
Eli Kari Gjengedal er utdanna som akvaingeniør og har i tida før jobben i fjernsyn arbeidd som servitør, bartendar og hovmeistar. I 1999 tok ho bartendarprøven og har fleire gonger delteke i NM i cocktailmiksing. Denne kunnskapen nytta ho i den første boka si, Cocktail - 44 vegar til fin bris frå 2005 på Skald forlag, med oppskrifter på drinkar og soger frå utelivsbransjen.
I 2007 gav ho ut den nynorske barneboka Karl Oscar i hardt vêr, illustrert av Ingunn Elida Wiken, om katten Karl Oskar som brukar eitt år på å finne heim att, i all slags vêr, etter å ha kome bort frå familien på sommarferie. Samstundes forklarar ho dei ulike vêrfenomena som Karl Oscar vert råka av på ein enkel måte for born.
Ho er òg kjend for å ha sunge ei heil vêrmelding som eit reklamestunt på TV 2 i 2009. Klippet vart sett av over 150 000 på nettsida. 11. november 2011 hadde ho på seg ein romdrakt frå VilVite-senteret i Bergen, medan ho presenterte vêret.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Eli Kari Gjengedal, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.