C er den tredje bokstaven i det latinske alfabetet.
Han kan representera fleire lydar, særleg /k/ og /s/.
På norsk blir han uttalt som s om han står framfor i, y, æ, ø og som regel framfor e, som k om han står framfor a, o, u og dei fleste konsonantar, og som [ʃ] (sj-lyden) eller [tʃ] om han står framfor h.
Fønikisk gaml | Arabisk ǧīm | Hebraisk gimel | Greek Gamma | Etruskisk C | Gammal-latin C (G) |
---|---|---|---|---|---|
C har same opphav som bokstaven G. Semittane kalla han gimel. Bokstavteiknet deira er kanskje ei tilpassing av ein egyptisk hieroglyf for ei stav-slynge, som også kan ha vore tydinga til «gimel».
Bokstaven blei gjort om til gamma i det greske alfabetet. På fønikisk og gresk var lydverdien g. Etruskisk hadde ikkje denne lyden og brukte bokstaven for lyden /k/. Den etruskiske bokstaven likna opphavleg på den greske ( i tidleg etruskisk), men blei vend om til ein slags speglvend latinsk C i klassisk etrusksisk ( ) Den latinske forma c tok form i klassisk latin. I tidlege latinske inskripsjonar brukte ein bokstavane C, K og Q til å stå for lydane /k/ og /ɡ/, som ein ikkje skilde mellom i skrift. Q blei brukt til lyden /k/ eller /ɡ/ før ein runda vokal, K framfor A, og elles brukte ein C. Rester av denne bruken finst i latin, når namnet Gaius vert forkorta til C. og Gnaeus Cn. i skrift.
På 200-talet f.Kr. blei det innført ein modifisert utgåve av C for lyden /ɡ/ (G), medan C blei brukt til lyden /k/. Frå og med den klassiske perioden blei G rekna som tilsvarande gresk gamma og C som tilsvarande kappa, noko ein kan sjå i romaniseringa av greske ord som «KAΔMOΣ» (cadmvs), «KYPOΣ» (cyrvs) og «ΦΩKIΣ» (phocis).
Gjennom heile oldtida uttalte romarane C som /k/ føre alle vokallyder. Det forklarer at «caesar» vart lånt inn i germanske språk med k-lyd: «Kaiser» eller «keisar», jamfør også latinsk cellarium (kjellar), cista (kiste) og liknande. Namnet på bokstaven hos etruskarane og romarane var ce, uttalt ke. Først frå tidleg i mellomalderen, vart han uttalt se.
No vert c uttalt føre e og i som tʃ på italiensk, som ustemt s på fransk, som ein lespande s-lyd på spansk omtrent tilsvarande engelsk th, men som s på spansk-amerikansk og på portugisisk og som tʃ på rumensk. Skal ein uttale c som s på fransk og portugisisk føre andre vokalar, skriv ein ç. Uttalen som k føre e og i vert på italiensk uttrykt ved ch, på spansk og portugisisk ved qu. I dei nordiske språka finst c berre i framandord og vert uttalt føre e, i, y, æ og ø som s, elles som k. Dei same reglane gjeld i engelsk, medan c føre e, i, y på tysk vert uttalt ts. I tsjekkisk, polsk, ungarsk, slovensk og kroatisk rettskriving har c lydverdien ts, i tyrkisk dʒ. C med hake, č, vert nytta i slaviske og baltiske språk og i samisk med lydverdien tʃ. Ord som ikkje finst under č, kan søkast under cz, tsch og tsj.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article C, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.