Bilethoggaren

Bilethoggaren eller (frå latin Sculptor), er eit lite og lyssvakt stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula.

Det vart innført av Nicolas Louis de Lacaille på 1700-talet. Opphavleg heitte det Apparatus Sculptoris (bilethoggarstudioet), men namnet vart seinare forkorta.

Bildehoggaren
Bildehoggaren
Bildehoggaren
Latinsk namn Sculptor
Forkorting Scl
Genitivsform Sculptoris
Symbologi Namngitt av la Caille
Rektasensjon 0 h
Deklinasjon −30°
Areal 475 kvadratgrader
nr. 36 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne α Scl (4,31. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +50° og −90°

Bilethoggaren er eit lite stjernebilete som grensar til Vassmannen og Kvalfisken i nord, Smelteomnen i aust, Føniks i sør, Trana i sørvest og Den sørlege fisken i vest. Den lyssterke stjerna Fomalhaut ligg i nærleiken.

Kjende objekt

Bilethoggaren 
Illustrasjon av ein spiral kring den raude kjempestjerna R Sculptoris.

Det er ingen stjerner lysare enn 3. storleiksorden i Bilethoggaren. Dette kjem av at den galaktiske sørpolen, der stjernetettleiken er særs låg, ligg i stjernebiletet.[treng kjelde]

Den mest lyssterke stjerna er Alfa Sculptoris, ei SX Arietis-type variabel stjerne med ein spektralklasse B7IIIp og ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,3. R Sculptoris er ei raud kjempe omringa av ein spiral med stoff som truleg vart kasta ut for kring 1800 år sidan.

Stjernebiletet inneheld òg Bilethoggaren dverggalakse, ein dverggalakse som høyrer til Den lokale gruppa, i tillegg til Bilethoggargruppa, den gruppa av galaksar som ligg nærast Den lokale gruppa. Bilethoggargalaksen (NGC 253), ein stavspiralgalakse og den største i gruppa, ligg nær grensa mellom Bilethoggaren og Kvalfisken. Eit anna medlem i gruppa er den irregulære galaksen NGC 55.

Ein unik galakse i Bilethoggaren er Kjerrehjulgalaksen, som ligg 500 millionar lysår unna. Galaksen er eit resultat av ei samanslåing for kring 300 millionar år sidan. Kjerrehjulgalaksen har ein kjerne av eldre, gule stjerner og ein ytre ring av yngre, blå stjerner, med ein diameter på 100 000 lysår. Den mindre galaksen i kollisjonen er no ein del av kjernen, etter å ha flytta seg frå ein distanse på 250 000 lysår. Sjokkbølgja frå kollisjonen førte til omfattande stjernedanning i den ytre ringen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Bilethoggaren  Commons har multimedium som gjeld: Bilethoggaren


Tags:

HimmelkvelvingaLatinNicolas Louis de LacailleStjernebilete

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SpeidarrørslaO helga nattDoireann Ní BhriainFiskereiskaparSandy DennyAdamstuenHar SedomKinesiskUnionsoppløysinga i 1905KeipWaiauelva i GisborneErik AndersenByar i HellasLucas GaúchoMaktaMånekakeReguleringsventilEinatLittle WalterCatfish RisingOuverture i fransk stilFinnskogenSilje NordnesMull of Kintyre av WingsSamisk historieMesonHTMLAndreas RombergLangt undertøyHumleJacob Tullin ThamsAndrej KrautsjankaNorske kommuneblomarFilmen Land og fridomMediaWikiVM i skiskyting 1999Dag HammarskjöldAspmyra stadionGustav ValsvikHjortetakksaltHolbækFree Fallin'EuropaA Touch of ClassTsjernobylNasjonaldagGammalkyrkjeslaviskHjelmSverigeRamnLuster kommuneJerry ReedChristianiaHieroglyfmarihøneStig ClaessonGerd WessigReal Life av Simple MindsIssoleieErnst JosephsonSteve PorcaroSunnmøreTidslinje over norsk historieGunnhild SundliCascadaSudokuAndAcanthisJonsokTaekwondoFøresongarWilhelm TellCoComAlderspensjon187 LambertaRokadeThomas JeffersonKumøkk🡆 More