Bergsvein Hov (1910-1992) var ein norsk lærar, psykolog og fengselsdirektør.
Han vart utdanna lærar i 1934, uteksaminert frå Statens gymnastikkskole i 1938 og vart cand.psychol. i 1950. Hov var fyrst lærar i Oslo, vart i 1946 leiar for Berg arbeidsskole for unge lovbrytarar og var frå 1961 direktør for Ila sikringsanstalt i Bærum. Han sat som aktiv sosialpolitikar i ei rekkje komitear, var der med på å forme arbeidet for ungdom med tilpasningsvanskar. Han leia kriminalomsorgen si aspirantnemd.
Bergsvein Hov | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. november 1910 |
Død | 25. september 1992 (81 år) |
Yrke | psykolog |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bergsvein Hov, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.