Sosial Mobilitet

Sosial mobilitet er mogleiken eit individ har til å gå bort frå den sosiale klassa ein er fødd inn i.

Omgrepet vert nytta hovudsakleg innanfor sosiologi. Det inneber noko meir enn berre flytting til nytt strøk, det omfattar inkorporering av andre normer og aksept hjå den nye klassa ein kjem inn i. Skifte av politisk eller religiøs tilhøyrsle er vanlegvis rekna som horisontal mobilitet, medan endring i sosial status, t.d. ein jobb med høgare hierarkisk status, er vertikal mobilitet. Dersom eins foreldre var bønder, og ein sjølv vart direktør i eit selskap, har ein hatt ein positiv vertikal mobilitet.

I ein velferdsstat freistar ein å hjelpa innbyggjarane sine til å tileigna seg godar som kan hjelpa dei til sosial mobilitet. Noreg er ein velferdsstat der den vanlegaste sosiale mobiliteten er frå «arbeidarklassa» til «akademikarklassa». Dette heng saman med utviklinga Noreg har hatt igjennom interessa for meir kunnskap i arbeidssektoren og den teknologiske utviklinga elles. Samstundes har det òg med mogleiken til å taka høgare utdanning som ein får gratis på bakgrunn av velferdstaten.

Måling av sosial mobilitet føregår ofte ved å telja kvar mange individ frå ei gitt gruppe som byter gruppe og tilhøyrsle over eit visst tidsrom. Ein del samfunn i verda har tilnærma null-mobilitet (engelsk Social immobility). Kastesystemet, slik t.d. India praktiserer, forhindrar sosial mobilitet.

Sjå òg

Kjelder

Tags:

HierarkiNormSosiologi

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SvartehavetEinatCarl XVI Gustaf av SverigeFinlandSjantiTalordIsaac Newton2002Kelly ClarksonKanye WestHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottEddiksyreJonas Gahr StøreSpekkhoggarIndonesiaTsjekkiaVegard UlvangA4QueenBuWayback MachineEli Kari GjengedalMargrethe II av DanmarkHumphrey BogartMøre og Romsdal fylkeBerlinblokadenJerry ReedISO 4217BieEkstremvêret FrodeTeineISSNApplausVåren av Aasmund Olavsson VinjeJean-Claude JunckerAleksandr RagulinOdd NerdrumÆrfuglKabaFree Fallin'TrymskvidaJohan BojerTrekanthandelSikhismenDet britiske imperietRusslandMispelDen cubanske revolusjonenØrsta kommuneCharlie WattsAleksander den storeKlimaStrategispelAlmAda LovelaceBrøytHolbækPave Johannes Paul IVinterKjemi918Bærum SportsklubbAmasoneUnicodeMaud av NoregEdderkoppdyrAftonbladetHound DogLamaTangentHenrik IbsenKaptein SabeltannVaremerkeMount Everest🡆 More