Eit kor er ei gruppe songarar som syng samstemt eller fleirstemt.
Musikken dei syng blir gjerne kalla korsong. Som regel vil eit kor ha minst åtte medlemmer; mindre grupper blir gjerne kalla vokalgrupper eller songrupper.
Eit kor kan synga åleine — a cappella — akkompagnert av musikkinstrument, eller som bakgrunn til instrumentalmusikk. Songkor blir ofte leia av ein dirigent, men mindre kor kan framføra musikk utan.
Det er vanleg for kor å ha ei eller anna form for uniform.
Det finst mange ulike slags kor, delt inn mellom anna etter kva slags medlemmer dei har eller kva slags musikk dei syng. Men mange kor er slik samansette at dei ikkje vil passa inn på nokre av listene.
Inndeling av kor | ||
---|---|---|
Generell medlemsgruppe | Særskild medlemsgruppe | Musikktype/funksjon |
|
|
|
Gutekor | Studentkor | Madrigalkor |
Ved fleirstemt korsong delar ein gjerne songarane inn etter sitt stemmeleie, kalla sopran, alt, tenor og bass (av og til mezzosopran og baryton i tillegg). Ein snakkar òg om eit stemmeleie kalla gutesopran i korsamanheng, spesielt i gute- og barnekor.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kor, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.