Songen Let It Be: Song av Lennon-McCartney

«You Know My Name (Look Up the Number)»

Let It Be
Singel av The Beatles
frå albumet Let It Be
B-side

Språk engelsk
Utgjeve 6. mars 1970
Innspelt Apple Studio
31. januar 1969
EMI Studios
30. april 1969
4. januar 1970
Sjanger Rock, pop, gospel
Lengd 3:50 (singel), 4:03 (album)
Selskap Apple
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin (singel), Phil Spector (album)
Britisk The Beatles-kronologi 
«Something» / «Come Together»
(1969)
Let It Be «Yesterday»
(1976)
Amerikansk The Beatles-kronologi
«Something» / «Come Together»
(1969)
Let It Be «The Long and Winding Road»
(1970)


«Let It Be» er ein song av The Beatles, som først vart gjeven ut på singel, og så på albumet med same namn, Let It Be i 1970.

Opphav

Sjølv om teksten på songen ofte vert feiltolka til å vere ein hymne til Jomfru Maria, er han i røynda ei hyllest til Paul McCartney si eiga mor, Mary, som døydde då han var 14 år. Han skreiv songen etter å ha hatt ein draum om ho, slik det kjem fram i første vers:

      When I find myself in times of trouble
      Mother Mary comes to me
      Speaking words of wisdom
      Let it be
      And in my hour of darkness
      She is standing right in front of me
      Speaking words of wisdom
      Let it be

John Lennon var etter sigande særs kritisk til songen då McCartney spelte han for resten av bandet, sidan han rekna med at «Mother Mary» i teksten berre var ein sjølvrettferdig referanse til kristendom. The Beatles la likevel ekstra arbeid i songen då han vart spelt inn i januar 1969 og sleppt som singel i mars 1970. Det skulle verte den aller siste singelen frå The Beatles som kvartett.

McCartney var inspirert av gospel- og soulstemma til Aretha Franklin då han i desperasjon starta å skrive «Let It Be» i 1968 med tankane på mor si: «Eg er ikkje sikker på om ho nytta orda 'let it be'», fortalte han seinare, «men det var essensen i rådet hennar». Bodskapen i den spirituell songen var kanskje til sist ei bøn om fred og forsoning med The Beatles, at uansett usemje og trugselen om oppløysing, la det vere (let it be).

«Let It Be» er rekna som The Beatles sin svanesong.

Versjonar

Det er fleire offisielle versjonar av «Let It Be». Singelutgåva vart produsert av George Martin, men i løpet av det same året miksa Phil Spector songen på nytt for albumet med eit anna arrangement og ein ny gitarsolo. McCartney var særs misnøgd med handteringa Spector gav songen, og fekk først songen gjort på nytt i 2003 då albumet Let It Be... Naked kom ut, ikkje berre med «Let It Be» vaska for lydbiletet til Spector, men samtlege songar på albumet. Det er òg ein fjerde versjon av songen på albumet The Beatles Anthology 3.

McCartney spelte piano, eit Blüthner Flügel frå Leipzig, Tyskland, på songen, medan Lennon spelte bass. George Harrison spelte gitarsolo, og Ringo Starr trommer, som vart framheva med ekko av Spector, noko Starr mislikte. På albumet Let it Be... Naked kan ein høyre den originale tromminga hans. I tillegg spelte Billy Preston orgel.

Medverkande

The Beatles

Andre musikarar

Salslister og salstrofé

Vekeslister

Liste (1970) Plassering
Australia (Kent Music Report) 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40) 1
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 3
Canada Top Singles (RPM) 1
Tyskland (Media Control AG) 2
Ungarn (Rádiós Top 40) 1
Irland (IRMA) 3
Nederland (Mega Single Top 100) 1
Noreg (VG-lista) 1
Sveits (Schweizer Hitparade) 1
UK Singles (Official Charts Company) 2
US Billboard Hot 100 1
US Adult Contemporary (Billboard) 1
Liste (2010) Plassering
Finland (Suomen virallinen lista) 20
Spania (PROMUSICAE) 39
Liste (2013) Plassering
Frankrike (SNEP) 96
Liste (2016) Plassering
Sverige (Sverigetopplistan) 39

Årslister

Liste (1970) Plassering
Canada Top Singles (RPM) 3
Nederland (Single Top 100) 25
US Billboard Hot 100 9

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI) Gull 25 000*
USA (RIAA) 2× Platina 4 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Føregangar
«Yester-Me, Yester-You, Yesterday»
Stevie Wonder
Toppen av VG-lista
The Beatles

5 veker, veke 15–19, 1970
Etterfylgjar
«House of the Rising Sun»
Frijid Pink

Tags:

Songen Let It Be OpphavSongen Let It Be VersjonarSongen Let It Be MedverkandeSongen Let It Be Salslister og salstroféSongen Let It Be KjelderSongen Let It Be BakgrunnsstoffSongen Let It Be

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

PiknikkorgPetter EideSymbolNatriumFuglarVan der VeenstraumenSkandinaviaBrunSergej SjojguSjakkOrRingdrottenWiki CommonsI Dovregubbens hallSåmaskinMenneskeBrexitNorske bilandIltalehtiTettemjølkSirkelJesusGonzález IslandEstragonTrøndelag fylke21. desemberRakiaNazismePeter ŠťastnýFuerteventuraPH-meterKaspihavetTatjana TomasjovaAlderspensjonKabaSvenske folkeeventyrFrankrikeElbaAkslaUsbekistanStrategispelAmasoneNederlandskVang kommuneRadioantenneStore norske leksikonLiverpool FCFranz LisztSamanlikning av jødedommen og kristendommenSamisk kulturVM i skiskyting 1999Mount Salisbury i AntarktisNorske kommuneblomarVendlandOdinEngland og WalesTEMPESTDen islamske staten2016HaugtussaWorld of Music, Arts and DanceTorremolinosAstrid LindgrenForelskingKanye WestGezer regionale kommuneBjörn SkifsRussisk litteraturKongsberg IdrettsforeningMargrethe II av DanmarkMicrosoft WindowsMaren LundbySkypeKurdararDet osmanske riket🡆 More