Smultring

Smultring er eit ring-, krans- eller torusforma bakverk som blir frityrsteikt i smult eller matolje.

I Noreg er det tradisjon å baka smultringar til jul som eit av dei sju slaga.

Smultring
Koking av smultringar.
Smultring
Dekorerte smultringar.

Tillaging

Deigen består hovudsakleg av sukker, egg, kulturmjølk eller fløytemjølk og fint kveitemjøl, og er gjerne smaksett med kardemomme, kanel eller rive sitron- eller appelsinskal.

Ein variant av smultringen blir kalla hjortetakk. Denne er ofte litt fastare i deigen. Sjølv om hjortetakk tradisjonelt er bakt med hjortetakksalt, medan smultring blir bakt med bakepulver, er det i dag mange oppskrifter der ein bruker hornsalt også i smultringar. Det ser ut til at den viktigaste skilnaden mellom hjortetakk og smultring er konsistensen. Hjortetakk er fastare og sprøare, medan smultring er mjukare, ettersom røra har meir væske.

Historie

I ei norsk kokebok frå 1888 står det fleire oppskrifter på hjortetakk, der den siste blir kalla «Amerikansk Hjortetak», med «Fry-Cakes» i parentes. I Sigdal blei det gjort ein interessant observasjon, der nokre utvandrarar kom tilbake frå Amerika i 1892 og sette i gang med smultringbaking. Kokebokforfattaren Henriette Schønberg Erken la ikke inn oppskrift på smultringar før i 1947. I 1929 presenterte ho eit anna liknande bakverk med namnet «donasser», som truleg kjem frå engelsk «doughnut». Det er mykje som tyder på at oppskrifta kom til Noreg frå USA.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Smultring TillagingSmultring HistorieSmultring KjelderSmultring BakgrunnsstoffSmultringDei sju slagaFrityrsteiktJulKransMatoljeNoregSmultTorus

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

DrivhusgassKøbenhavnOSI-modellenEtanMargrethe II av DanmarkKaptein SabeltannJeg vil hjem til menneskeneLagerthaNibiruCubaHarry PotterVoss heradJa, vi elsker dette landetKrapina-ZagorjeNasjonaldagWikimediaJordanKate BushDet tredje riketKommunar i SverigeVladimir PutinProfil-opprøretEngelskRomanen BeatlesEli Kari GjengedalMekkaErik AndersenAmfípoliJan-Olav IngvaldsenAztekararPierre CochereauAdolf HitlerGoogleJoseph HaydnArabisk musikkLofotenSamisk kulturHalsnøybåtenSkipJantelovenDurraSneppålArmeniaCascadaHadeikumSevernaja ZemljaBermudaHjørundfjordenMarathiMaud av NoregAkslaKristian ØdegårdTorgeir Knag FylkesnesHundMartin ØdegaardCoComRosenborg BallklubVendlandMeisefamilienAngstAfrikaMusvåkCarl LarssonSvartedaudenChris BrownEuropeisk geografiSnåsa kommunePetter WavoldTeknologiFilmjølkPilfinkGrønlandStikkelsbærRumpeldunkArnaHovudsideOslo rådhus🡆 More