Smalehovud

Smalehovud eller smalahove (dialektalt òg sau(d)ehau(d) eller skjelte) er hovud av lam eller sau som er nytta som mat.

Smalehovud
Smalahove frå Voss.
Smalehovud
Svidd smalahove.

Dette er mat som har lang tradisjonVestlandet, der ein har måtta utnytta all mat på dyra. Hovuda vert vanlegvis svidde for å få vekk ulla. Deretter vert hovuda kløyvde og hjernen reinska vekk før ein saltar og ofte røykjer i røykhus. Tradisjonar frå Voss måtte ha hovuda røykte, men i Sogn heldt det å salta hovuda. Når ein skal servera smalehovud, vert dei fyrst vatna ut i eit døger og so kokt i om lag tre timar.

I nyare tid vert smalehovud sett på som festmat og vert servert på restaurantar. Det er særleg feittlaget kring øyro og rundt augo og tunga som vert rekna som delikatesser på eit smalehovud. På Voss vert det skipa meisterskap i smalehovudeting.

I mange sefardiske (iberisk-jødiske) og mizraḥiske (arabisk-jødiske) familiar serverer ein smalehovud som ein av hovudrettene på rosj hasjaná. Smalehovudet, som helst skal vera av vêr, symboliserer ynsket om å vera initiativrik («å vera hovud heller enn hale»), og det viser dessutan språkleg sett til uttrykket rosj hasjaná, som ordrett omsett tyder ‘hovudet åt året’.

Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

HovudLamSau

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Inkarikets fallAsker kommuneMarco PoloNorsk folkedansInformasjonskapsel1989Kari ØklandOnamResettPenisKalkulusBjørnKopplamNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»Alf-Inge HålandChristianiaDesta Marie BeederCharlène av MonacoLønnNynorskThor HeyerdahlTraktorCoComEuropaHindutempelStavanger kommuneThomas MüllerPilfinkNordfjordeidDet russiske alfabetetRagnar LodbrokGisøyaHjørundfjordenNæringslivEnkeltbekkasinSikhismenBergen kommuneØresundbruaAfghanistanRabagastSunnhordlandske ord og vendingarOperatunnelenFacebookUkrainaSekulærDiktPierre CochereauEreksjonJernMoskvaByar i NederlandDei fire årstideneMartin ØdegaardNasjonaldraktHildegun RiiseEtasjeFonnesFriesland i NederlandMarathiWayback MachineKon-Tiki-ekspedisjonenJesusHyseTettemjølkKjell Kristian RikeVassøyna i GulenNord-AmerikaLotta i BråkmakergataChris BrownBjørnstjerne BjørnsonHellasWiki CommonsGud signe maten på vårt bord🡆 More