Smålekam

Smålekam er ei fellesnemning for småobjekt i solsystemet som verken er planetar eller dvergplanetar.

Definisjonen vart vedtatt i 2006 av Den Internasjonale Astronomiske Unionen. Dei følgjande objekta fell no under den nye definisjonen:

Smålekam
Fordeling av kentaurar og transneptunske-objekt.

Det er ikkje klargjort om ei nedre grense for størrelsen til smålekamar vil bli oppretta eller om definisjonen vil inkludera all materie ned til størrelsen til meteoroidar.

Bortsett i frå dei største som er i hydrostatisk likevekt, skil månar seg frå smålekamane ikkje i størrelse men i krinslaup. Månanes banar er ikkje sentrerte rundt sola men rundt andre objekt, slik som planetar, dvergplanetar og og andre smålekamar.

Nokon av dei større smålekamane kan bli reklassifiserte dersom vidare undersøkingar kan bestemma om dei har hydrostatisk likevekt eller ikkje.

Banane til størstedelen av smålekamane er å finna i to område; asteroidebeltet og Kuiperbeltet. Desse belta har indre strukturar forårsaka av påverknadar frå dei større planetane, særleg Jupiter og Neptun, og har heller svakt definerte grenser. Andre område inneheld mindre objekt i mindre konsentrasjonar. Desse inkluderer nærjordsasteroidane, kentaurane, kometane og spreidde-skiva-objekta.

Dei minste makroskopiske objekta i bane rundt sola vert kalla meteoroidar. IAU har enno ikkje vedtatt nokon definisjon på kva ein meteoroide er, men ulike definisjonar definerer objekts så store som 50 m i diameter og så små som 100 µm som meteoroidar.

Bakgrunnsstoff

Tags:

2006Den Internasjonale Astronomiske UnionenDvergplanetPlanetSolsystemet

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Edvard VII av StorbritanniaPannemerke i hinduismenRaudstrupeNorrøn litteraturSosialismeInfleksjonspunktMerima Maja BrkicLangemannEddiksyreKristoffer ColumbusCarles PuigdemontMusvåkSosiokulturalismeBayernDío i PieríaEstlandJournalistDen franske revolusjonenVladimir PutinMegawattTower of LondonIransk geografiVinkelfartBrigaderArabiskSenterpartietOktoberrevolusjonenBonitetAmitav GhoshSamvirkelagPikoFabien BarthezTrykkKaliumnitratEukalyptusslektaFresnelsoneGreskBiologisk ordenMosesChristianiaYasir ArafatMøreMarie Sneve MartinussenPresident i FinlandFilmen Harry Potter og De vises steinGeir KarlstadIkonostasHøgaste fjell i EuropaHolografiBerlinmurenBestemorAkslaAndre pinsedagTysfjord kommuneKjemisk formelStrandSkaldSola i KarlstadSudanØBulgariaZaniar MatapourMetaforKjerringa med stavenNord-KyprosMik KaminskiGail ZappaAustroasiatiske språkØystein SundeHellasBitcoinSigmaMexicoTalgjeLufttrykk🡆 More