Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Slitu

Nynorsk editions of Wiki, an online encyclopedia

Slitu er ein tettstad i Indre Østfold kommune i Viken. Han har 749 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg halvvegs mellom Mysen i aust og Askim i vest langs E18.Staden har både industri, handel og jordbruk. Namnet kjem frå garden Slitu. Sjølve ordet Slitu tyder 'slette'.

Slitu
stad
Slitu.jpg
Blokk på Slitu ved E18
LandFlag of Norway.svg Noreg
FylkeViken
KommuneIndre Østfold
Areal0,66 km²
Folketal749 (2017)
Folketettleik1 135 / km²
Preposisjon Slitu

Slitu
59°34′56″ N 11°15′45″ E

Tenor kyrkjeruin på Slitu viser restar av ei lita mellomalderkyrkje frå 1200-talet. Kyrkja var eit anneks til Eidsberg kyrkje. Etter konserveringsarbeid blei anlegget offisielt opna med gudstjeneste og dåp i juni 2008.

Historie

 
Slitu landhandleri slik det såg ut på 1920-talet.
Foto: O. Skarbø via Nasjonalbiblioteket

Slitu var frå gammalt av eit viktig handelssentrum. Jernbanestasjonen her opna i 1882 langs Østre linje av Østfoldbanen.

Tettstaden låg i Eidsberg kommune og dels i Trøgstad kommune[1] i Østfold fram til regionsreforma i 2020.

Kjende folk frå Slitu

Kjelder

  1. «Tettsteders befolkning og areal», ssb.no (på norsk), 20. desember 2019, henta 4. mai 2020 

#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (Study in China) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
This article uses material from the Wikipedia article Slitu, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.