Slimsoppar er ei gruppe einsella eukaryotar som vert klassifiserte som protistar.
Dei kan gå saman i store grupper og kan då syna ein type intelligent åtferd på gruppenivå. Utrøyningar syner at grupper av slimsoppen Physarum polycephalum er i stand til å finna den kortaste vegen mellom ulike matkjelder, og kan på eit vis hugsa kvar dei har vore på leit tidlegare; mogelegvis gjennom slim som dei lèt att etter seg. Ei slik gruppe kan òg velja den matkjelda med det beste høvetalet mellom protein og karbohydrat når det er fleire slike kjelder å velja mellom.
Slimsoppar vart tidlegare klassifiserte som soppar, men skil seg sterkt frå desse på fleire punkt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Slimsoppar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.