Skrekkfilm

Skrekkfilm: Filmsjanger

Skrekkfilm er ein filmsjanger der målet med filmen er å framkalla sterke negative kjensler, som frykt eller avsky, hjå sjåaren. Historia dreier seg ofte om vondskap forårsaka av ein person, ei makt eller ei hending, gjerne i samband med overnaturlege fenomen. Sjangeren er nesten like gammal som filmkunsta sjølv, og kan sporast tilbake til kortfilmar laga av Georges Méliès i 1890-åra.

Skremt Ingrid Bergman i Dr. Jekyll and Mr. Hyde frå 1941.

Skrekkfilmane er kjende for svært vonde og mektige personar. Gjengangarar i sogene er skremmande vesen som vampyrar, zombiar og andre former for gjenoppståtte døde, demonar, spøkelse, varulvar, eldgamle forbanningar, besetting, satanisme, kannibalar og utanomjordiske vesen. Seriemordarfilmar blir gjerne også plassert i skrekkfilmsjangeren.

Visse historier frå engelsk litteratur er blitt laga som skrekkfilmar fleire gonger, som Frankenstein (først filmatisert i 1908), Dr. Jekyll og Mr. Hyde (først filmatisert i 1910) og Dracula (først filmatisert i 1922, som Nosferatu).[1]

Skrekkfilmen er ofte assosiert med låge budsjett og mindre kjente skodespelarar, men det er også blitt laga filmar innan sjangeren av store filmstudio og respekterte regissørar. Kjende filmar innan sjangeren er Invasion of the Body Snatchers, regissert av Don Siegel i 1956, Rosemary's Baby, regissert av Roman Polanski i 1968 og Motorsagmassakren, regissert av Tobe Hooper i 1974.

Kjelder

Fotnotar

  1. «Horror» på allmovie.com
  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Skrekkfilm, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.

In other languages:

/** SHOW / HIDE SECTION**/function mfTempOpenSection(getID) {var x = document.getElementById("mf-section-"+getID); if (x.style.display === "none") { x.style.display = ""; } else { x.style.display = "none"; }}