«Skota i Sarajevo» er nemninga på attentatet mot den austerrikske tronarvingen Franz Ferdinand og kona hans medan dei vitja Sarajevo i 1914.
Tidsline for utbrotet av første verdskrigen |
---|
|
Attentatet blei den utløysande årsaka til første verdskrigen.
I juni 1914 var ein austerriksk hær på manøver i Bosnia. Keisaren i Austerrike-Ungarn, Frans Josef, sende tronfølgjar-paret på besøk samstundes, Frans Ferdinand og Sophie. 28. juni gjesta dei Sarajevo, og på vegen til rådhuset vart tronfølgjar-paret skotne. Gjerningsmannen var ein 19 år gamal serbisk student, Gavrilo Princip. Han var medlem av terroristorganisasjonen Den svarte handa, som kjempa for at Bosnia-Herzegovina skulle bli ein del av Serbia. Austerrike-Ungarn gav Serbia skulda for mordet, og truga med krig.
Men Serbia hadde ein mektig alliert i aust, nemleg Russland, og Russland var saman med både Frankrike og Storbritannia i trippelententen. På den andre sida er Tyskland og Austerrike-Ungarn saman i trippelalliansen.
28. juli 1914 lyste keisar Frans Josef krig mot Serbia etter å ha stilt landet eit skarpt ultimatum. Storbritannia sa frå at vart Frankrike dregne inn i krigen, var dei og med. Keisar Vilhelm II av Tyskland vart nærmast sjokkert, han hadde ikkje venta at Storbritannia ville gå med i krigen. Tyskarane fekk no kalde føter, og prøvde å få Austerrike-Ungarn til å tenkja seg om, men det var for seint. Første verdskrigen var i gang.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Skota i Sarajevo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.