Skjemteeventyr

Skjemteeventyr er ein type eventyr som har humor, skjemt og spott som viktige verkemiddel.

Desse eventyra har få eller ingen overnaturlege innslag, men har hatt som hovudfunksjon å underhalda og vekka latter hjå tilhøyrarane. Skjemteeventyr har nummer 1200-1999 i Aarne-Thompson-katalogen.

Skjemteeventyr
Illustrasjon til «Mannen som skulle stelle hjemme», eit skjemteeventyr om eit ektepar.

Gruppa er svært samansett, og kan til dømes handla om dummingar, friarar, ektepar, osb. Ofte er det personar i den øvre klassa i lokalsamfunnet, slik som prest og lensmann, som vert utsette for skjemt og spott. Det vert via eventyra retta politisk skyts mot styresmaktene.

Fleire slike eventyr driv gjøn med ei enkeltgruppe som skal vera dummare enn andre. I dansk samanheng er desse ofte molbohistorier, fortalde om folk frå Mols på Jylland. Frå Hordaland i Noreg finst det døme på slike forteljingar om folk frå Voss.

Ei undergruppe av sjangeren er eventyr om ektepar der ein skjemtar den dumme ektemannen eller kona. «Mannen som skulle stelle hjemme» (AT 1408) og «Kjerringa mot strømmen» (AT 1365AB) er døme på slike eventyr. I AT-katalogen er skjemteeventyra vidare delt inn i eventyr om kvinner (AT 1440-1524), eventyr om menn (AT 1525-1724) og eventyr om prestar (AT 1725-1874).

Lygesoger eller lygeeventyr er ei form for skjemteeventyr med utrulege overdrivingar som gjer det klart at dei ikkje er sanne.

Ramseeventyr eller remseeventyr er ei anna undergruppe av skjemteeventyr. Slike eventyr er kjenneteikna av at nye element i handlinga blir lagde til tidlegare element, slik at forteljinga dannar ei lang oppattande ramse. Nokre døme på slike eventyr er «Pannekaka» (AT 2025), «Kjetta som var så fæl til å ete» (AT 2027) og «Hanen som falt i bryggekaret» (AT 2025).

I kategorien skjemteeventyr finst også erotiske eventyr, eventyr med seksuelt og humoristisk innhald.

Skjemteeventyr ser ut til å ha vore utbreidde over heile landet, og nokre av dei lever framleis i munnleg tradisjon som vitsar eller grovisar — ofte utan at forteljarane veit historia har gamle eventyrrøter.

Kjelder

Tags:

Aarne-Thompson-katalogenEventyrHumor

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

FeberRumpetrollPlácido DomingoAndre verdskrigenReligiøse debattar om Harry Potter-serienGunnhild SundliPer SpelmannThorolf HolmboeJeórjos Karaiskákis i ÁrtaCamilla CollettFreiaKristin ClemetFacesLinn UllmannSnow White and the Seven DwarfsKanye WestSvartehavetLise AmundsenHydrogenMuhammadu BuhariInternettObtestPollachiusGoNicolette LarsonPlussTilsynelatande storleiksklasseMichael UhrmannDyre VaaFascismeCycles av The Doobie BrothersGezer regionale kommuneKonform avbildingTønsberg kommuneReligionskrigAmasoneMagnar EstenstadPannemerke i hinduismenViggo MortensenHochalmspitzeSunnmøreMonacoÅProfessor emeritusCreative CommonsThe DoorsNo-dramaMesonEinar SagstuenBlåmannYuan-dynastietLagerthaBergen kommuneSpaniaOrAsbjørnsen og MoeChristianiaPeriferieininga LárisaJean-Claude JunckerStyresettSamisk historieUrinsyregiktSki-VM 2019Maria Gamborg HelbekkmoFinding DoryTrekanthandelBuddhismenOrbitalIsbjørnReguleringsventilPetter SalstenMogopBjörn Skifs🡆 More