Skald forlag ligg i Leikanger i Sogndal kommune, ved Sognefjorden i Vest-Noreg.
Forlaget vart etablert i 1991 av Lars Nes og Jon Skjerdal.
Skald forlag | |||
Bransje | Forlag | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1991 | ||
Hovudkontor | Leikanger | ||
Land | Noreg | ||
Adresse | Gamlehotellet, Riverdalen 1, 6863 LEIKANGER | ||
Nettstad | http://www.skald.no/ |
Forlaget gjev ut mellom anna foto-, kunst- barne- og oppdragsbøker, ofte i praktbokformat. Skald er hovudsakleg eit nynorsk forlag, men har òg gjeve ut bøker på bokmål, engelsk, tysk, kinesisk, spansk, japansk og russisk. Sidan 2016 har forlaget gjeve ut ein serie med litterære klassikarar i nynorsk omsetjing.
Namnet «Skald» kjem frå skaldane som dikta og fortalde historier i vikingtida.
Sidan 2016 har forlaget gjeve ut ein serie med litterære klassikarar i nynorsk omsetjing. Det vert gitt ut 3 titlar i året i denne bokserien til dei store lesehøgtidene: påske, sommarferien og jul.
Fleire av bøkene har vunne prisar i konkurransen «Årets vakreste bøker» som er administrert av Grafill. Nokre av dei prisvinnande publikasjonane er:
Forlaget har hovudkontor i Gamlehotellet på Hermansverk i Sogndal kommune. Huset vart bygd i 1887 og det var hotelldrift fram til 1918.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Skald forlag, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.