Sjakkturnering

Sjakkturnering er det vanlege namnet på ulike tevlingar (konkurransar) i sjakk.

Sjakkturneringar blir arrangert over heile verda, frå enkle lokale klubbturneringar til verdsmeisterskap. Det blir arrangert turneringar med ulik tenketid: Nærsjakk-turneringar med vanleg tenketid, og turneringar i hurtigsjakk og lynsjakk, og turneringar i fjernsjakk, som post, ebrev og via serverar på nettet.

Pga den ulike tenketida og dei ulike turneringsformene tar turneringane svært ulik tid: Somme turneringar i lynsjakk og hurtigsjakk tar frå ein halvtime og opptil nokre timar. Turneringar med vanleg tenketid kan vere helgaturneringar frå fredag til sundag eller laurdag til sundag, då blir det gjerne spela 5-6 runder med tenketid gjerne 1 time 30 minutt på 40 trekk og 30 minutt på resten for kvar av spelarane. Klubbturneringar kan gå over nokre månader, gjerne 7-9 runder, med eit parti på spelekvelden kvar veke. Internasjonale turneringar og Noregsmeisterskapen i sjakk blir spela med enda lengre tenketid, ofte 2 timar på 40 trekk, 1 time på 20 trekk og 30 minutt på resten for kvar av spelarane. Det blir då oftast spela med eit parti pr dag, og då vanlegvis med 9 rundar. Men av og til blir det spela med noko kortare tenketid, og ein eller fleire dagar med dobbeltrunder. Ved andre høve blir det også lagt inn fridagar, særleg i viktige turneringar, så som stormeisterturneringar, og turneringar som er lenger enn 9 rundar.

Det blir arrangert turneringar for spelarar av alle spelestyrker, frå nybegynnerar til turneringar for dei aller sterkaste stormeistrane i verda. Det blir arrangert turneringar for ulike aldersgrupper, og eigne kvinneturneringar. Det blir arrangert turneringar for lag, som skulelag, klubblag og landslag. Det blir også arrangert turneringar i ulike sjakkvariantar.

Turneringsformer

Sjakkturneringar kan arrangerast som alle-mot-alle-turneringar, slik at alle spelarane i løpet av turneringa spelar eit sjakkparti mot kvar av dei andre. Ein ordnar det då slik at spelarane får spele vekselvis med kvit og svart i anna kvart parti. Det vanlege systemet for oppsett av ei slik turnering blir kalla Berger-systemet, og ei slik alle-mot-alle-turnering blir dermed gjerne kalla ei Berger-turnering. Viss det ikkje er for mange spelarar, kan dette også bli arrangert som dobbel alle-mot-alle-turnering, det vil seie at alle spelar mot kvar dei andre to gongar. Då får alle spele eit parti med kvit og eit med svart mot kvar av dei andre. To av dei mest prestisjefylte sjakkturneringane i verda, Linares Chess Tournament og M-tel Masters i Sofia blir spelt som dobbel Bergerturnering.

Viss det er mange deltakarar, og det ikkje er tid til å spele mange runder, blir ulike system for rundeoppsett brukt. I Noreg har ein tradisjonelt brukt ein variant kalla Monrad-system, elles i verda blir dette gjerne kalla "Swiss", sveitsarsystem. Det finst mange sveitsarsystem, og Norges sjakkforbunds Monradsystem er i så måte eit sveitsarsystem. Det vesentlege poenget er at alle spelarane får spele alle rundane i turneringa. Ingen blir slått ut. Spelarar med same poengsum så langt i turneringa møter kvarandre. Ein kan ikkje møte same spelar meir enn ein gong. Det blir tilstreba at spelarane får like mange parti med kvit og med svart, og at fargane vekslar i anna kvar runde. Med slike system oppnår ein stort sett å få kåra ein rettferdig vinnar, og ei nokså rettferdig resultatliste, trass i at det kan vere mange deltakarar og få rundar. Og ein oppnår at alle spelarane får spele heile turneringa.

Det blir også unntaksvis arrangert vanlege cup-turneringar. Mellom anna har Verdssjakkforbundet FIDE arrangert Verdsmeisterskapen i sjakk som cup (utslagsturnering) fleire gongar, og to gongar har det blitt arrangert World Cup som utslagsturnering. Ulempa med dette er at halvparten av spelarane blir slått ut i kvar runde. Og det er heller ikkje alltid så enkelt å få til ei rettferdig utslagsturnering i sjakk: Ganske mange av tvekampane endar uavgjort, og ein må ty til hurtigsjakk og lynsjakk for å få kåra ein vinnar. Mange meiner at dette er ein alt for tilfeldig måte å kåre ein verdsmeister på. Eit par av verdsmeistrane som har blitt kåra har då heller ikkje vore rangert blant dei 40 beste spelarane i verda.

Ulike sjakkturneringar

Tags:

SjakkTevling

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Erik FollestadFader vår2015Aktiv galaksekjerneJulius CæsarMosambik5. oktoberHollandCarl Philip av SverigeBjørnKirunaNynorskEmmylou HarrisBirger EriksenEselKattBiologisk familieAmfidromisk punktEli Kari GjengedalHest2021Elon MuskSofie MarhaugThoriumkraftverkPåskeøyaDanmarkVietnamkrigenKasakhstanNatriumhydroksidSlaget om StalingradFrikjeldeetterretningSogndal kommuneÅkernesetOtto JespersenNorrøntMS «Venus» (1931)2024FilmjølkHaitiTsjekkiaAllahu akbarArgentinaVladimir PutinBarentshavetÅl i HallingdalTrude DrevlandHalsnøy2022NoregSkandinaviaStemmerettsalderGeorgiaBliksværÅl kommuneChristianiaHundorpCytosinFjodor DostojevskijAsker kommuneFrode GrodåsIsbreJean SibeliusEinar TambarskjelvePåskehareJacob ObrechtWikimaniaVårsøgHalldis Moren VesaasOmanEPA-traktorFinsk fonologiNike, Inc.🡆 More