Tårnet er ei brikke i brettspelet sjakk.
Kvar spelar startar med to tårn, eitt i kvart av hjørna på sjakkbrettet som er nærast spelaren si eiga side. Dei kvite tårna startar på a1 og h1, dei svarte på a8 og h8.
Tårna flyttar vassrett eller loddrett, framover eller bakover, så mange felt ein ynskjer. Dei slår andre brikker ved å verta sett på feltet som ei motspelarbrikke står på. Tårnet deltek i spesialtrekket rokade, saman med kongen.
Vanlegvis er tårnet sterkare enn springaren og løparen, og vert rekna for å vera to bønder meir verdt. To tårn vert vanlegvis rekna som litt meir verdt enn ei dronning. Tårn og dronningar vert ofte kalla tunge offiserar, i motsetnad til løparar og springarar, som vert kalla lette offiserar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sjakkbrikka tårn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.