Edy Sixten Jernberg (6.
februar">6. februar 1929–14. juli 2012) var ein svensk langrennsløpar. Han var ein av Sveriges mestvinnande langrennnarar gjennom alle tider, med ni OL-medaljar og seks VM-medaljar. Mellom 1956 og 1964 vann han eitt individuelt gull i kvar av dei tre olympiske vinterleikane og to ski-verdsmeisterskapane som vart arrangert. Fire gull kom på femmila, medan han i 1960 under vinter-OL i Squaw Valley vann 30-kilometeren. Dessutan var han med på dei svenske stafettlaga som vann VM-gull 1962 og OL-gull 1964.
Sixten Jernberg | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 6. februar 1929 Lima församling |
Død | |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Ski-VM 1954, 1955 Vasaloppet, Langrenn under Vinter-OL 1956 – 15 kilometer menn, cross-country skiing at the 1956 Winter Olympics – men's 50 kilometres, cross-country skiing at the 1956 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay, cross-country skiing at the 1956 Winter Olympics – men's 30 kilometres, Ski-VM 1958, cross-country skiing at the 1960 Winter Olympics – men's 15 kilometre, cross-country skiing at the 1960 Winter Olympics – men's 30 kilometre, 1960 Vasaloppet, Ski-VM 1962, cross-country skiing at the 1964 Winter Olympics |
Utmerkingar |
Jernberg var frå Lima i Malungs kommune i Dalarna og var heile si tid som aktiv medlem av Lima IF. Han vann femten individuelle gull under svenske meisterskap, og var med å sikre idrettslaget frå heimstaden fem SM-gull i 3x10 km stafett. Han døydde i Mora.
Jernberg vann Vasaloppet i 1955 og 1960. Han vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje i 1956 og Holmenkollmedaljen i 1960.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sixten Jernberg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.