Sitrusslekta (Citrus) er ei planteslekt i rutefamilien som særleg er kjend for sine mange sitrusfrukter.
Sitrusfrukt | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Sapindales |
Familie: | Rutaceae |
Underfamilie: | Aurantioideae |
Stamme: | Citreae |
Slekt: | Sitrusfrukt Citrus L., 1753 |
Medan ho stammar frå tropisk Asia, blir plantar frå slekta no dyrka i ei rekkje varme land.
Slekta omfattar buskar og mindre tre. Blada er oftast heile, lêraktige, skinande grøne og sit på ein ofte vinga bladstilk. Blomane er kvite eller raudlege, velluktande og har mange pollenberarar som sit i grupper. Frukta er eit saftig bær med tjukt skal, mange rom («båter») og ofte mange frø. Plantane har mange oljekjertlar i blad, bark og fruktskal.
Dyrkinga av sitrusartar er mange tusen år gammal, og det har derfor vore svært vanskeleg å utreia avstamninga for dei dyrka formene.
Sitrusslekta har ei rekkje medlemmer, mange av dei hybridar mellom ulike typar. Nokre av det ein reknar som ublanda artar er:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sitrusslekta, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.